OR2-301 Styrt praksis

Kode
OR2-301

Norsk namn
Styrt praksis

Engelsk namn
Industrial Placement

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Valfritt emne i ingeniørstudiet.



Semester
3. år, vårsemesteret


Forkunnskapar

 Praksis byggjer på alle tidlegare emne i studiet. Ein må ha greidd 120 studiepoeng i ingeniørstudiet. Det kan søkast studieleiar om unnatak frå denne regelen.

Innhald/oppbygging

 Praksisen skal vere relevant for den studieprofilen studenten legg opp til. Studenten skal ta del i og få innsikt i bedrifta sine praktiske arbeidsoppgåver. Han/ho bør trekkast inn i faglege diskusjonar og vere til stades på konferansar, seminar, kurs m.m.
 Høgskulen vil koordinera arbeidet med å skaffe praksisplassar, men studenten er sjølv ansvarleg for å få eigna praksisplass. Praksisplassen skal godkjennast/må vere godkjent av høgskulen.

Undervisnings- og læringsformer

 Praksisperioden er på 28 dagar (7.5 time pr. dag). Studenten har ein rettleiar på praksisplassen, og ein kontakt på høgskulen. Det skal utarbeidast ein rapport i samarbeid med praksisverten.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal gjennom arbeidspraksis ha fått innsikt og ferdigheiter i relevante praktiske og teoretiske ingeniøroppgåver.

Arbeidskrav

 Det skal førast dagbok, signert av arbeidsgjevar, som fortel kort kva oppgåver ein har jobba med, dag for dag. Dagboka skal leverast til kontaktpersonen ved høgskulen ein gong i månaden. Det er krav om 90% oppmøte på arbeidsplassen. Alt fråvere skal vere dokumentert.

Sluttvurdering

 Greidd/ikkje greidd basert på praksisrapport.

Pensum

 Pensum vert opplyst ved semesterstart.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
18.04.08

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
05.05.10