Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / OR2-300 Prosjektstyring med prosjekt  

OR2-300 Prosjektstyring med prosjekt

Kode
OR2-300

Norsk namn
Prosjektstyring med prosjekt

Engelsk namn
Project administration

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Samfunnsfagleg (50%) og teknisk emne (50%) i ingeniørstudiet.



Semester
3. år, haustsemesteret



Forkunnskapar

Byggjer på prosjekt i tidlegare emne.

Innhald/oppbygging

Del 1 (5 studiepoeng)
Prosjekt som arbeidsform, prosjektmodellar, utviklingsprosjekt, planlegging, nettverk-, ressurs- og aktivitetsplanlegging, dokumentasjon og presentasjon, prosjektøkonomi, ideutvikling og målformulering, kvalitetssikring og dataverktøy for prosjektstyring. Vidaregåande informasjonssøking, akademisk rapportskriving, etiske problemstillingar i teknologi og arbeidsliv.

Del 2 (5 studiepoeng)
Teknologisk prosjekt m/ utarbeiding av prosjektbeskrivelse, undervegsrapportering og sluttrapport. Muntleg framføring.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og prosjektarbeid, inkludert bruk av dataverktøy.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:
- kunne grunnleggande omgrep og metodar innanfor prosjektstyring
- ha kunnskap om prosjekt som arbeidsform og kva som kjenneteiknar ulike prosjekt og prosjektfasar generelt
- kunne styringssløyfa med styringsfunksjonane målformulering, planlegging, utførelse og oppfølging
- kunne bruke kunnskap om styringsfaktorane kvalitet, framdrift og ressursar til å vurdere styringsform og -gjennomføring for
ulike typar prosjekt
- kunne organisere og bemanne eit prosjekt
- kjenne til nettverksplanlegging og oppfølging av tid og kostnader
- kunne nytte MS-Project til lage Ganttskjema for prosjektplanlegging og oppfølging.
- kunne lage prosjektdokumentasjon som prosjektbeskrivelse, statusrapportar, møteinnkalling og referat og sluttrapport
(fagleg og prosjektadministrativt) og gjennomføre muntleg presentasjon av eit prosjekt.
- kunne anvende kunnskapen om prosjektstyring ved deltaking i eller leiing av eit prosjekt
- ha kjennskap til vidaregåande informasjonssøking

Arbeidskrav

Gjennomført munnleg presentasjon av prosjekt.

Sluttvurdering

Mappe (prosjektbeskrivelse, statusrapport, møteinnkalling og -referat, prosjektrapport og produkt). Greidd/ikkje greidd.

Pensum

Westhagen. Prosjektarbeid, utvikling og endringskompetanse. siste utgåve, Gyldendal. Utdelt materiale kjem i tillegg.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
17.04.08

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.04.08

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
27.04.09