Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / MA414 Matematikk naturfag  

MA414 Matematikk naturfag

Kode
MA414

Norsk namn
Matematikk naturfag

Engelsk namn
Mathematics for Science Studies

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i geologi og geofare

Semester
Haust blokk 3

Forkunnskapar

Emnet byggjer på kunnskapar svarande til kursa 2MX/2MY i vidaregåande skule.

Innhald/oppbygging

Det vert gjeve grunnleggjande innføring i matematisk analyse. Funksjonar av ein variabel: grenseverdiar og kontinuitet, derivasjon, maksimums- og minimumsproblem. Integrasjon. Eksponential-, logaritme-, potens- og trigonometriske funksjonar. Trigonometri og vektorrekning. Funksjonar av fleire variable, enkle differensial- og differenslikningar. Lineær algebra og innføring i bruk av matematisk programvare (MATLAB).

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og rekneøvingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha eit nødvendig grunnlag i sentrale matematiske omgrep og metodar og kunne nytte dette til å løyse praktiske problemstillingar i emna seinare i studiet.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter. Alle skrivne og trykte hjelpemiddel er tillatne.

Pensum

Matematikk i praksis, 4. Utgave, Universitetsforlaget, av Tor Gulliksen

Nyttig bok i tilegg: Mathematics a simple tool for Geologists

Med atterhald om endringar.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
10.09.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
30.03.2010