Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / MA2-201 Matematikk og statistikk  

MA2-201 Matematikk og statistikk

Kode
MA2-201

Norsk namn
Matematikk og statistikk

Engelsk namn
Mathematics and Statistics

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Matematisk-naturvitskapleg grunnlagsfag i ingeniørstudiet.

Semester
2. år, vårsemesteret

Forkunnskapar

Byggjer på Matematikk 1, eller tilsvarande.

Innhald/oppbygging

Kombinatorikk
Sannsynlegheitsrekning
Diskrete og kontinuerlige sannsynligheitsfordelingar
Deskriptiv statistikk
Punktestimering og intervallstimering
Hypotesetesting, z-testar og t-testar
Ikkje-parametriske metodar, Wilcoxons testar
Kjikvadrattestar og kontigenstabellar
Lineær regresjonsanalyse og enkel korrelasjonsanalyse
Prosesskontroll, med bruk av Shewhart kontrolldiagram
Statistisk analyse med MINITAB eller tilsvarande statistikkprogram
Simulering
Funksjonar av fleire variablar, partielle deriverte, andrederiverttesten
Nivåkurve, nivåflate, gradient og retningsderivert
Lagranges metode
Bruk av MATLAB eller tilsvarande matematikkprogram

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og rekneøvingar. Øvingar i bruk av MINITAB og MATLAB.

Kompetanse/læringsutbyte

Emnet skal, saman med dei andre matematikkemna, gje studentane grunnlag i matematikk og statistikk for dei tekniske faga.

Studentane skal:
- ha forståing for kombinatorikk og grunnleggjande sannsynlegheitsrekning, og kunne utføre utrekningar på praktiske problemstillingar
- ha kjennskap til ulike diskrete og kontinuerlege fordelingar, og kunne rekne ut sannsynlegheiter, forventning og varians
- kjenne til sentralgrensesetninga
- kunne utføre simuleringar frå ulike fordelingar med eit statistikkprogram
- kunne bruke deskriptiv statistikk og statistiske metodar til å analysere eit datamateriale
- skal kunne utføre punktestimering, intervallestimering og hypotesetesting, og tolke resultata
- vite når dei kan bruke parametriske testar, og når dei berre kan bruke ikkjeparametriske testar
- kunne bruke MINITAB til å utføre presentasjon av eit datamateriale grafisk og ved statistiske mål, og til å utføre statistiske analysar, også korrelasjons- og regresjonsanalyse og prosesskontroll.
- ha forståing for funksjonar av to eller tre variablar
- kunne utføre partiellderivasjon, og finne gradient og retningsderivert. For funksjonar av to variablar skal dei kunne finne nivåkurver, likning for tangentplan og max/min-punkt ved andrederiverttesten. For funksjonar av tre variablar skal dei kunne finne nivåflater
- kunne løyse både oppstilte og uoppstilte problemstillingar ved Lagranges metode, for funksjonar av to og tre variablar
- kunne bruke MATLAB til å gjere utrekningar og til å teikne grafar for funksjonar av to variablar.

Sluttvurdering

MA2-201 001 Skriftleg eksamen, 4 timar (vekt 50%). Hjelpemiddel: Alle skrivne og trykte. Kalkulator: Alle.
MA2-201 002 Mappe (to innleveringar med bruk av MATLAB og MINITAB, ein to-timars prøve), (vekt 50%).
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Pensum

Per Chr. Hagen: Innføring i sannsynlighetsregning og statistikk, Cappelen Akademiske forlag, siste utgåva. Kap. 1 –11 er pensum.
Gunnar G. Løvås: Statistikk – for universiteter og høgskoler. Universitetsforlaget 1999. Kap. 9.1 er pensum.
Steffen Log: Mathema. Kap. 7.10 og 7.11 er pensum.
Per-Even Kleive: Matematiske metoder 2, Fagbokforlaget 2000: Kap. 7.11.
Studentversjon av programmet Matlab: Matlab &Simulink Student Release, Pearson Education (www.pearsoned.co.uk)
Førelesningsnotat på nokre delemne.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
05.05.10

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.04.05

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
05.05.10