MA2-200 Matematikk 2

Kode
MA2-200

Norsk namn
Matematikk 2

Engelsk namn
Mathematics 2

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Matematisk-naturvitskapleg grunnlagsfag i ingeniørstudiet.





Semester
2. år, haustsemesteret


Forkunnskapar

 Byggjer på Matematikk 1, eller tilsvarande.

Innhald/oppbygging

 Talfølgjer og rekkjer
Potensrekkjer
Taylorrekkjer
Differenslikningar
Fourierrekkjer
Fouriertransformen
Laplacetransform og RCL-kretsar, transferfunksjon
z-transform
Matriser
Vektorrom og lineærtransformasjonar
Bruk av dataverkty

Undervisnings- og læringsformer

 Førelesingar og rekneøvingar og øvingar i bruk av MATLAB.

Kompetanse/læringsutbyte

Faget skal saman med dei andre matematikkfaga gje studentane det matematiske grunnlaget for bruk av matematikk i dei tekniske faga.
Studentane skal:
- ha forståing for talfølgjer og rekkjer, og kunne finne grenseverdiar for talfølgjer og sum av konvergente rekkjer
- kunne finne ut om ei rekkje konvergerer eller divergerer ved hjelp av ulike konvergenskriterium, og finne konvergensområde for potensrekkjer
- kjenne til utvikling av Taylorrekkjer, og kunne bruke Taylorrekkja til ein funksjon i samband med derivasjon og integralrekning
- kunne finne Fourierrekkja til ein periodisk funksjon, og kunne finne sum av slike rekkjer
- kunne finne Laplacetransformen til ulike funksjonar, og kunne bruke både Laplacetransform og invers Laplacetransform, mellom anna i samband med løysing av differensiallikningar og system av differensiallikningar
- kjenne til bruk av transferfunksjon i samband med RCL-kretsar
- kjenne til Fouriertransform
- kunne finne z-transformen til nokre talfølgjer, og kunne bruke z-transform og invers z-transform i samband med løysing av differenslikningar
- kunne elementær matriserekning, og kunne bruke denne i samband med løysing av likningssystem og diagonalisering
- kunne bruke matriserekning på praktiske problemstillingar
- kjenne til vektorrom og lineære transformasjonar, og kunne gjere enkle utrekningar
- kunne bruke både kalkulator og MATLAB til å gjere utrekningar for matriser
- kunne bruke MATLAB til å gjere utrekningar i samband med Laplacetransform, z-transform, løysing av differensiallikningar, grenseverdiar for talfølgjer og sum av rekkjer.

Sluttvurdering

MA2-200 001 Skriftleg eksamen, 4 timar (vekt 60%). Hjelpemiddel: Alle skrivne og trykte. Kalkulator: Alle.
MA2-200 002 Mappe (to innleveringar og ein prøve, vekt 40%).
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Pensum

Steffen Log: Mathema 1 – anvendt matematikk for bachelorstudenter. Tapir Akademisk Forlag. Kap. 6 er pensum.

Steffen Log: Mathema 2 – anvendt matematikk for bachelorstudenter. Tapir Akademisk Forlag. Kap. 10, 11, 13, 14 er pensum.

Utdelt stoff om Fouriertransform og bruk av MATLAB
Studentversjon av programmet Matlab: Matlab &Simulink Student Release, Pearson Education (www.pearsoned.co.uk).

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
16.08.10

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.04

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
16.08.10