MA2-100 Matematikk 1

Kode
MA2-100

Norsk namn
Matematikk 1

Engelsk namn
Mathematics 1

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Matematisk-naturvitskapleg grunnlagsfag i ingeniørstudiet.


Semester
1. år, haustsemesteret



Forkunnskapar

Ingen, utover opptakskrav.

Innhald/oppbygging

Mengdelære
Logikk og matematiske bevis
Funksjonar, derivasjon, integrasjon
Komplekse tal
Vektorar, algebra og geometri
Kurver gitt på parameterform
Differensiallikningar
Numeriske metodar
Laplace transform
Differensiallikningar løyst ved Laplace transform
Bruk av dataverkty

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, innleveringar, rekneøvingar og øvingar i bruk av Matlab. 2-timars prøvar.

Kompetanse/læringsutbyte

Faget skal saman med dei andre matematikkfaga gje studentane det matematiske grunnlaget for bruk av matematikk i dei tekniske faga. Det vert lagt vekt på forståing og evne til å bruke matematikk på praktiske problemstillingar.

Studentane skal
-ha grunnleggjande kunnskapar i mengdelære, logikk og matematisk bevisføring, m.a kunne stille opp sanningsverditabellar og gjennomføre enkle matematiske bevis
- ha forståing for derivasjonsomgrepet og kunne rekne ut den deriverte også ved implisitt derivasjon
- kunne gjennomføre funksjonsdrøftingar, og kunne bruke derivasjon på praktiske problemstillingar
- kunne bruke Newtons metode.
- ha forståing for integrasjonsomgrepet, og kunne rekne ut integral ved ulike integrasjonsmetodar
- kunne bruke integral til utrekning av bogelengde, areal og volum, kunne metodar for numerisk integrasjon og ha kjennskap til ueigentlege integral.

- ha kunnskap om og kunne rekne med komplekse tal skrive på både rektangulær og polar form
- kunne rekne med kompleks eksponensialfunksjon.

- ved rekning kunne løyse bestemte typar 1. ordens og 2. ordens differensiallikningar
- kunne bruke differensiallikningar på enkle praktiske problem
- kunne bruke Eulers metode til numerisk løysing av differensiallikningar
- kunne finne laplacetranstransformen og inverse laplacetransform ved bruk av tabell
- kunne bruke laplacetransformasjon til å løyse differensiallikningar.

- kunne vektorrekning
- ha kunnskap om likning for plan og om kurver gitt på parameterform.

- kunne bruke MATLAB til teikning av grafar og til ulike utrekningar.

Sluttvurdering

Mappe (2 innleveringar og 1 prøve, vekt 40%). Delkode 002
Skriftleg eksamen, 4t (vekt 60%). Delkode 001
Hjelpemiddel: Formelsamling. Kalkulator: Enkel.
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Pensum

Steffen Log: Mathema 1 – anvendt matematikk for bachelorstudenter. Tapir Akademisk Forlag. Siste utgåve. Kap. 2 - 5, 7- 9 og 14 er pensum.
Svein Arne Jensen: Kort innføring i Matlab, kompendium
Studentversjon av programmet Matlab: Matlab &Simulink Student Release, Pearson Education (www.pearsoned.co.uk)
Førelesingsnotat på nokre delemne.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
05.05.10

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.04

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
05.05.10