KJ415 Kjemi

Kode
KJ415

Norsk namn
Kjemi

Engelsk namn
Chemistry

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudiet i Geologi og geofare

Semester
Haust blokk 3.

Forkunnskapar

Kjemikunnskapar som tilsvarar 2KJ på vidaregåande skule. Studentar med dårlegare fagleg bakgrunn enn dette, vert rådde til å kjøpe boka Chemica (Jan Sire, Fagbokforlaget) og drive sjølvstudium i kapittel 1, 2 og 3 før emnet tek til.

Læringsmål

Studentane skal kunne gjere greie for dei viktigaste omgrepa innan generell kjemi. Dei skal kunne løyse rekneoppgåver ut frå gitte data. Dei skal kunne handsame laboratorieutstyr på rett måte, og arbeide raskt og nøyaktig på laboratoriet.

Innhald/oppbygging

Kurset tek føre seg oppbygginga hos atom og molekyl, mol-omgrepet, gasslovene, det periodiske systemet, kjemiske jamvekter, syre-base teori, bindingsteori og organisk kjemi.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekneøvingar, seminar og laboratoriearbeid.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal kunne gjere greie for dei viktigaste omgrepa innan generell kjemi. Dei skal kunne løyse rekneoppgåver ut frå gitte data. Dei skal kunne handsame laboratorieutstyr på rett måte, og arbeide raskt og nøyaktig på laboratoriet.

Arbeidskrav

Godkjend laboratoriejournal. Godkjende gruppeoppgåver. Godkjende individuelle oppgåver.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen 4 timar. Bokstavkarakter.

Lovlege hjelpemiddel: Enkel kalkulator, periodisk system, tabellverket ChemicaData.

Pensum

Sire, Jan 1998: Chemica. Lærebok i generell kjemi, 2.utgåve. Fagbokforlaget.
Sire, Jan 1996: Studiebok i generell kjemi, Fagbokforlaget.
Sire, Jan 1995: ChemicaData. Tabell og formelsamling i generell kjemi. Fagbokforlaget.
Sire, Jan 2004: Laboratoriekurs i generell kjemi. HSF kompendium.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
09.03.2009