Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / KJ2-100 Kjemi og miljølære  

KJ2-100 Kjemi og miljølære

Kode
KJ2-100

Norsk namn
Kjemi og miljølære

Engelsk namn
Chemistry and the Environment

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Matematisk-naturvitskapleg grunnlagsfag i ingeniørstudiet.

Semester
1. år, haustsemesteret

Forkunnskapar

Ingen, utover opptakskrav.

Innhald/oppbygging

Kjemi: Periodisk system, atom og grunnstoff, namnsetjing av uorganiske sambindingar, kjemiske bindingar, reaksjonslikningar, rekning med støkiometri, løyseevne, kjemisk jamvekt, syre/base, redoksreaksjonar og elektrokjemi, korrosjon, ideelle gassar, organiske stoffgrupper, olje og gass. Skriving av laboratorierapportar.
Miljølære: Generell økologi, energi, resipientar, rensemetodar og -tiltak, avfall og avfallshandsaming, energi, arbeidsmiljølov og -faktorar , reinare produksjon (inkl. miljøanalyse, miljørevisjon og livsløpvurdering), internkontroll.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekneøvingar, laboratorieøvingar og miljøprosjekt.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:

- ha kunnskap om atomoppbygging og hovudtrekk i periodesystemet og elektronstrukturen
- kunne karakterisere og identifisere ulike bindingstypar mellom atoma
- kunne balansere enkle reaksjonslikningar og utføre støkiometriske utrekningar
- kunne setje namn på sambindingar utifrå formlar og omvendt
- kunna utføre utrekningar med dei viktigaste konsentrasjonsmåla med omsyn til løysing, fortynning og blanding
- kunne nytte den ideelle gasslov
- kunne vurdere og rekne på likevektssystem
- kunne grunnleggande teori og utrekningar for syrer og basar og deira salt
- kunne finne løyseevne og vurdere fellingsreaksjonar
- kunne nytte omgrepa knytt til oksidasjon og reduksjon til balansering av reaksjonslikningar, skissere og rekne på galvaniske celler og bruke Faradays lov
- kjenna til typiske organiske stoff og kunne grunnleggande namnsetjing
- ha kjennskap til nokre grunnleggande laboratorieteknikkar og dokumentering av analyseresultat

- ha grunnleggande kunnskap om økologi
- ha kunnskap om internkontrollforskrifta, og kjennskap til miljøstyringssystem og standardar
- kunnskap om dei forurensande stoffa, prosessane og konsekvensane for drivhuseffekt,
ozonlagsproblematikk, sur nedbør og lokal luftforurensing
- kunnskap om nokre prinsipp og metodar for gassrensing
- vite kva som kjenneteiknar og gi døme på miljøgifter
- kunne skissere dei viktigaste kjeldene til ulike kategoriar utslepp til vatn, og effekten av desse
- kjenne til krav til vasskvalitet og kunne skissere rensemetodar for drikkevatn og avløpsvatn
- kjenne til regelverk og problemstillingar knytt til avfall
- kunnskap om energiressursar, ENØK og energiproduksjon
- kjenna til arbeidsmiljølova og hovudføremålet med denne
- kunnskap om dei ulike arbeidsmiljøfaktorane
- ha grunnlag for å ta med miljøomsyn i lag med tekniske vurderingar

- ha kjennskap til ein del miljøproblemstillingar knytt til lokale verksemder
- ha grunnleggande kunnskap i prosjektgjennomføring og -dokumentasjon, munnleg presentasjon informasjonskompetanse med rett kjeldehandsaming

Arbeidskrav

2 godkjende laboratorieøvingar med rapport.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4t. (vekt 60%). Delkode 001
Hjelpemiddel til eksamen: Tabell:John Haugan: Formler og tabeller . NKI-forlaget . Jan Sire: ”Chemica data” Fagbokforlaget. Eksamenssekretariatet: Tabellar og formlar i kjemi, Gyldendal. Periodisk system. Kalkulator: Enkel.
Mappe (Ei innlevering og eit miljøprosjekt med rapport, vekt 40%). Delkode 002
Begge delane må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Pensum

Boye: Kjemi og miljølære, siste utgåve, Universitetsforlaget. Pensum i miljølæra vert supplert/oppdatert med undervisningsnotat, kopiar og nettreferansar (utdelt/Fronter).

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
14.04.08

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.04

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
19.04.10