Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / IN2-301 Industriell IKT  

IN2-301 Industriell IKT

Kode
IN2-301

Norsk namn
Industriell IKT

Engelsk namn
Industrial Communication Systems and Databases

Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
75% med IN2-200 Industriell IKT

Kategori
Teknisk emne i ingeniørstudiet.



Semester
3. år, haustsemesteret

Forkunnskapar

Byggjer på Grunnleggjande elektro 1 og 2, Datateknikk med programmering, Elektronikk og datamaskiner, Målesystem og instrumentering, Prosesstyring eller tilsvarande.

Innhald/oppbygging

Kommunikasjon og databehandling: nettverk - feltbussar, datapakker, koding, sampling, diskretisering, overføringsmedia, grensesnitt og ulike prinsipp for styring av dataflyt. Ulike kommunikasjonstypar som Ethernet-nettverk, industrielle protokallar og OPC. Presentasjon av data.
Database: Generell databaseteori, bruk av SQL-database i nettverksmiljø, presentasjon av data, bruk av www-teknologi for databaser og automatisk datainnsamling til databaser ved hjelp av JAVA.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og laboratorieøvingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:
Kjenne til digitale og analoge kommunikasjonssystem
Kunne vurdere kvaliteten på målesystem eller styresystem
Kjenne til prinsippa for og eigenskapane til styresystem
Kjenne til dataoverføring, tilpassing, lagring og presentering
Kjenne til industrielle nettverk og protokollar
Kjenne til nivåa til nettverksmodellar
Kunne lage kommunikasjonsnettverk
Kjenne til SCADA og MES
Kjenne til datastrukturen til ulike databasar og kommandoar i MySQL
Kunne bruke database (installasjon, bruk, kopling til annen programmer)
Kunne lage og bruke nettverkstyringsystem

Arbeidskrav

7 godkjende laboratorieøvingar.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5t. (vekt 100%). Hjelpemiddel: Alle trykte og skrivne. Enkel kalkulator.

Pensum

Dokumentasjon frå førelesingar og laboratorieøvingar (Fronter).
Hansen og Mallaug: Databaser. Gyldendal, siste utgåve Kapittel 1 - 4, 6, 9 og delar av kapittel 7, 8 og 10.
Geir Anton Johansen:Kompendium av i instrumentering( utdelt).
Studentversjonen av programmet LabVIEW: LabVIEW Student Edition, National Instruments

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
27.05.10

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
27.05.10