Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / IN2-201 Målesystem og instrumentering  

IN2-201 Målesystem og instrumentering

Kode
IN2-201

Norsk namn
Målesystem og instrumentering

Engelsk namn
Measurement systems and instrumentation

Undervisningsspråk
Engelsk eller norsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
75% med IN2-300, Måleteknikk

Kategori
Teknisk emne i ingeniørstudiet.




Semester
2. år, haustsemesteret

Forkunnskapar

Byggjer på Grunnleggjande elektro 1 og 2 og Datateknikk med programmering (eller tilsvarande)

Innhald/oppbygging

Generell måleteknikk, døme på ulike typar sensorar, omformarar, måleprinsipp, modellar, tolking av måleresultat, typar feil i måling, metodar, direkte eller indirekte måling, statiske og dynamiske karakteristikkar, kalibrering, kvalitetssikring av målingar, statistisk analyse, nøyaktigheitsklassar, signalbehandling, støy og jording, instrumenteringsklassar. Gjennomgang av dei elementa som typisk inngår i eit måle- og pådragssystem samt vurdering av deira nøyaktigheit, pålitelegheit og sikkerheit. Feltbuss, seriell og parallell port, bruk av Labview.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og laboratorieøvingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:
Kjenne til statiske og dynamiske karakteristikkar for målesystem
Kjenne til teknikkar for å redusere måleavvik og støypåverknad
Kunne bruke Thevenin for å rekne ut belastning
Kunne rekne på pålitelegheit i målesystem
Kjenne til ulike måleprinsipp: Resistive, kapasitive, induktive, elektromagnetiske og termoelektriske
Kunne dimensjonere resistive og reaktive målebruer
Kjenne til måleteori og -terminologi
Kjenne til statistiske metodar i måleteknikk.
Kunne rekne ut nøyaktigheit av måleresultat
Kjenne til elektroniske system for datainnsamling og kommunikasjon
Kjenne til ulike LabView funksjoner
Kunne bruke dataloggarar og LabView til innsamling av måledata

Arbeidskrav

5 av 7 godkjende laboratorieøvingar.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen 5t. Hjelpemiddel: Alle skrivne og trykte. Kalkulator: Alle

Pensum

Dokumentasjon frå førelesningar (Fronter).
Bentley, John P.: Principles of measurement systems. Pearson/Prentice Hall, siste utgåve, kap. 1-7, 8, 9.1 og 9.2.
Steve Mackay, Edwin Wright, John Park: Practical Data Communications for Instrumentation and Control. Newnes 2003. ISBN 0750657979. Utdelt materiale.
Studentversjonen av programmet LabVIEW: LabVIEW Student Edition, National Instruments

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
27.05.10

Godkjent av
Tarald Seldal

Godkjent dato
05.06.08

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
27.05.10