HO2-301 Prosjektfag

Kode
HO2-301

Norsk namn
Prosjektfag

Engelsk namn
Project

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
100% overlapp med HO2-300

Kategori
Emne for internasjonale studentar

Semester
Vår- eller haustsemester

Forkunnskapar

Greidd eksamen i minst 120 studiepoeng frå 1., 2. og 3. årskurs.

Læringsmål

Prosjektet skal gje kandidaten øving i å planleggje, gjennomføre og
dokumentere løysinga på ei større oppgåve. Prosjektet skal gje auka og modna kunnskapar og kompetanse innan teknologisk forskings- og utviklingsarbeid, prosjektadministrasjon og fagleg/administrativ dokumentasjon.

Innhald/oppbygging

Prosjektet skal vere praktisk og/eller teoretisk, helst eit utviklings- eller utgreiingsprosjekt for industrien/næringslivet eller offentleg forvaltning. Hovudprosjektet omfattar planlegging, kostnadsoverslag, litteraturstudiar, prosjektering, konstruksjon, større målingar/undersøkingar og utvikling av eventuell prototype. Det blir lagt stor vekt på utarbeiding av dokumentasjon og kvalitetssikring av resultatet. Det vert lagt opp til oppgåver i nært samarbeid med verksemder i fylket. I samband med utviklingsarbeidet er det aktuelt å lese utvalde forskingsartiklar under rettleiing.

Undervisnings- og læringsformer

Prosjektarbeid med rettleiing, normalt i grupper på 2 til 4 kandidatar.

Arbeidskrav

Gjennomført munnleg presentasjon av hovudprosjekt.

Sluttvurdering

Skriftleg sluttrapport, dokumentasjon av prosjektgjennomføring og fysisk produkt der dette finst.

Pensum

Vert opplyst ved semesterstart

Pensum sist oppdatert av
29.04.08

Pensum sist oppdatert dato
Eli Nummedal

Godkjent av
Tarald Seldal

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
19.05.08