HO2-300 Hovudprosjekt

Kode
HO2-300

Norsk namn
Hovudprosjekt

Engelsk namn
Senior Design Project

Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk

Studiepoeng
20,00

Kategori
Hovudprosjekt i ingeniørstudiet.

Semester
3. år, haust - eller vårsemesteret.

Forkunnskapar

Greidd eksamen i minst 120 studiepoeng frå 1., 2. og 3. årskurs.

Innhald/oppbygging

Prosjektet skal vere praktisk og/eller teoretisk, helst eit utviklings- eller utgreiingsprosjekt for industrien/næringslivet eller offentleg forvaltning. Hovudprosjektet omfattar planlegging, kostnadsoverslag, litteraturstudiar, prosjektering, konstruksjon, større målingar/undersøkingar og utvikling av eventuell prototype. Det blir lagt stor vekt på utarbeiding av dokumentasjon og kvalitetssikring av resultatet. Det vert lagt opp til oppgåver i nært samarbeid med verksemder i fylket. I samband med utviklingsarbeidet er det aktuelt å lese utvalde forskingsartiklar under rettleiing.

Undervisnings- og læringsformer

Prosjektarbeid med rettleiing, normalt i grupper på 2 til 4 kandidatar.

Kompetanse/læringsutbyte

Studenten skal:
- kunna planlegge, gjennomføre og dokumentere løysinga på ei større oppgåve
- ha kunnskapar og kompetanse innan teknologisk utviklingsarbeid, prosjektadministrasjon og fagleg/administrativ
 dokumentasjon
- kunna formidla problemstillingar, teori, drøfting og val av løysingar både skriftleg og
 munnleg

Arbeidskrav

Gjennomført munnleg presentasjon av hovudprosjekt.

Sluttvurdering

Skriftleg sluttrapport, dokumentasjon av prosjektgjennomføring og fysisk produkt der dette finst.

Pensum

Pensum vert opplyst ved semesterstart.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
17.04.08

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.04

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
27.05.10