Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / GE491 Bacheloroppgåve i geologi  

GE491 Bacheloroppgåve i geologi

Kode
GE491

Norsk namn
Bacheloroppgåve i geologi

Engelsk namn
Bachelor Thesis in Geology

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
20,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogramma i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag og Geologi og geofare.


Semester
Vår. Det er føresett at feltarbeid kan verte utført sommaren etter 4.semester. Frist for val av emne er 1. april i 4. semester.


Forkunnskapar

Bacheloroppgåva byggjer på dei emna i geologistudiet som er avslutta på det tidspunkt oppgåva vert starta opp.

Innhald/oppbygging

Oppgåva skal veljast i samarbeid med faglærar, og vil normalt bli knytt opp mot oppdrag, utgreiingsarbeid og forskingsprosjekt som HSF er engasjert i, eller i samarbeid med ekstern samarbeidspartnar. Det vert stilt krav til fagleg innhald, presentasjon og utforming av bacheloroppgåva.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein faglærarar. Det er ønskeleg at 2-3 studentar samarbeider om oppgåva.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført oppgåve skal studentane vere i stand til å kunne utføre prosjektarbeid med formulering av problemstillingar, innsamling / tolking av data og utarbeiding av skriftleg rapport.

Studieopphald i utlandet

Bacheloroppgåva kan gjennomførast i utlandet.

Sluttvurdering

Bacheloroppgåve
Bokstavkarakter.

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
09.04.2010