GE478 Fjord Processes

Kode
GE478

Norsk namn
Fjord Processes

Engelsk namn
Fjord Processes

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Valfritt emne i bachelorprogrammet i Geologi og geofare. Obligatorisk emne i det internasjonale studiet From Mountain to Fjord – Geology and Ecology of Western Norway (30 studiepoeng).

Semester
Haust blokk 3


Forkunnskapar

90 studiepoeng i eit natur- eller miljøretta bachelorstudium. Det vert føresett at studentane har generell naturfagleg kunnskap. Kurset bygger på GE476 Geologiske og geokjemiske aspekt ved Vestnorge GE477 Brear og økologi (From Mountain to Fjord, del 1 og 2).

Innhald/oppbygging

Det avsluttande emnet innanfor ”From Mountain to Fjord” tar for seg fjordmiljøet. Korleis påverkar miljøendringer skapt av menneske og naturen det akvatiske miljøet? Korleis kan resente, akvatiske (fjord)sediment brukast til rekonstruksjon av miljøendringar gjennom rom og tid? Fjordsedimenta som blei tatt i emnet GE476 Geologiske og geokjemiske aspekt ved Vestnorge (From Mountain to Fjord, del 1), skal brukast oppsummerande for rekonstruksjon av resente miljøendringar. Dei sedimentære signala vert følgde gjennom prosessar i vassøyla og på land tilbake til kjeldene i rom og tid. Rekonstruksjonen baserer seg på kunnskapen opparbeidd gjennom heile studiet ”From Mountain to Fjord”. Emna frå alle dei tre delane vert til slutt bundne saman ved eit seminar der studentane føreles om sjølvvalde eller tematiske emne der minst to av emna vert kombinert.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar, labarbeid, feltarbeid og ekskursjonar

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal kunne forklare dei biologiske og hydrografiske prosessane som fører til avsetting av sediment i fjordane.
Emnet skal sette studentane i stand til å rekonstruere miljøendringar frå signal som vert akkumulerte i resente fjordavsetningar.
Studentane skal være i stand til å presentere og svare på tverrfaglege miljørelaterte emne på ein enkel og forståeleg måte.

Ekskursjonar

3 dagar

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

40 %: Mappeevaluering (journalar frå øvingar, feltarbeid og ekskursjonar). Delkode 001

60 %: Forelesing 30 minuttar og påfølgande munnleg eksamen. Denne delen kan erstattast med presentasjon i eit offentleg seminar dei åra dette er aktuelt. Delkode 002

Bokstavkarakter

Pensum

Aktuelle artiklar som varierer i sammensetting frå år til år
Spesialpensum i samsvar med sjølvvalt forelesingstema

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010