Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / GE477 Glaciers and ecology  

GE477 Glaciers and ecology

Kode
GE477

Norsk namn
Glaciers and ecology

Engelsk namn
Glaciers and ecology

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Inngår som valfag i bachelorprogrammet i Geologi og geofare. Emnet er ein del av det internasjonale studiet From Mountain to Fjord – Geology and Ecology of Western Norway (30 studiepoeng).

Semester
Haust blokk 2

Forkunnskapar

90 studiepoeng i eit natur- eller miljøretta bachelorstudium. Det vert føresett at studentane har generell naturfagleg kunnskap. Kurset bygger på GE476 Geologiske og geokjemiske aspekt ved Vestnorge (From Mountain to Fjord, del 1).

Innhald/oppbygging

Emnet fokuserer på vekselverknaden mellom resente geologiske og vegetasjonsøkologiske prosessar. Økologiske gradientar vert sett i forhold til den Holocene utviklinga av landskapet i både rom og tid. Verknaden av klimaendringar på den økologiske utforminga vert rekonstruert frå fjell- og breområde langs elveløp og innsjøar ned til fjordkanten. Glasialgeologiske og vegetasjonsøkologiske særtrekk vert peikte ut. Kurset tar utgangspunkt i den bergrunnsgeologiske og sedimentologiske forståinga frå GE476 Geologiske og geokjemiske aspekt ved Vestnorge og gir grunnlaget for tolkingane som det vert lagt opp til i GE478 Fjordprosessar.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar, feltarbeid og ekskursjon

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha forstått at økologisk endring (her vegetasjon), heng saman med geologiske prosessar (her brevariasjoner).

Ekskursjonar

9 dagar

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjende journalar fra øvingar, feltarbeid og ekskursjonar

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter

Pensum

Aktuelle artiklar som varierer i samansetting frå år til år

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010