Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / GE476 Geological and geochemical aspects of Western Norway  

GE476 Geological and geochemical aspects of Western Norway

Kode
GE476

Norsk namn
Geological and geochemical aspects of Western Norway

Engelsk namn
Geological and geochemical aspects of Western Norway

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Inngår som valfag i bachelorprogrammet i Geologi og geofare. Felles undervisning med studentar i det internasjonale studiet From Mountain to Fjord – Geology and Ecology of Western Norway (30 studiepoeng). Vert undervist på engelsk.


Semester
Haust blokk 1

Forkunnskapar

90 studiepoeng i eit natur- eller miljøretta bachelorstudium. Det vert føresett at studentane har generell naturfagleg kunnskap.

Innhald/oppbygging

Emnet gir grunnlag for å forstå betydninga av den geologiske langtidsrekonstruksjonen ved tolking av økologiske korttidsprosessar. Forståinga for dei økologiske prosessane aukast vidare ved fokusering på dei geologiske prosessane som ligg i botnen. For dette formålet tar kurset for seg Vest Norges regional- og bergrunnsgeologiske utvikling frå den kaledonske fjellkjededanninga fram til i dag. Vidare settast tolkinga av gamle (pre-devonske) sedimentære bergartar i forhold til forståinga av moderne avsetningsprosessar som rekonstruerast ved prøvetaking og tolkning av resente fjordsediment.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar, feltarbeid og ekskursjon

Kompetanse/læringsutbyte

Studenten skal være i stand til å forklare korleis Vestlandet blei til og vise dei tilhøyrande prosessane i landskapet.

Ekskursjonar

9 dagar

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

Mappevurdering (Journalar frå øvingar, feltarbeid og ekskursjonar) som gjennomførast kontinuerleg over heile blokka. Bokstavkarakter

Pensum

Aktuelle artiklar som varierer i samansetting frå år til år.

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010