Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / GE465 Brekurs med teori og praksis  

GE465 Brekurs med teori og praksis

Kode
GE465

Norsk namn
Brekurs med teori og praksis

Engelsk namn
Glacier Course with Theory and Practice

Undervisningsspråk
Norsk og engelsk

Studiepoeng
6,00

Kategori
Delar av emnet inngår i bachelorprogramma i Geologi og geofare og Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, i det internasjonale studiet From Mountain to Fjord og som valemne for 3. idrett / fysisk aktivitet og helse.
Emnet kan inngå i ein bachelorgrad, og gi grunnlag for vidare breinstuktørutdanning. Kurset er godkjent av Norsk Fjellsportforum.

Semester
Haust

Forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Læringsmål

Studentane skal etter fullført kurs ha kjennskap til brear og landformer som er knytt til desse. Den praktiske delen skal gje grunnlag for å ta seg trygt fram på brear, og gje grunnlag for vidare utdanning i breinstruksjon og fjellføring.

Innhald/oppbygging

Teoridelen gir ei innføring i glasiologi med bredanning, fysiske eigenskapar av is, bretypar, massebalanse, brebevegelse, sprekkar og vatn i brear. Det vil vidare bli ei innføring i glasial geologi med breerosjon, sedimenttransport og landformer.
I den praktiske delen øver ein på innbinding i tau, og korleis ta seg fram i vanleg og vanskeleg is-terreng, klatring og rapellering, snøbakketeknikk, redning i is og snø, og orientering på bre.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar / kollokvium, og 5 dagar obligatorisk praktisk brekurs der det også er noko teori.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studentane ha:
- God forståing og kunnskap om brear og ulike bretypar.
- Kunne ta seg trygt fram over ein bre.
- Ha god kjennskap til korleis breane har forma landet vårt.

Ekskursjonar

Praktisk brekurs:
Nigardsbreen i Jostedalen
Studentane må rekne med å betale ein eigenandel for reise og opphald i samsvar med HSF sitt reglement for dekning av bu- og reiseutgifter.

Arbeidskrav

Godkjent praktisk brekurs

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen 3 timar i teoridelen. Bokstavkarakter

Pensum

Nesje, A. 1995: Brelære. Høyskoleforlaget. 124 s.
DNT 1999: Breboka. Handbok i brevandring. 182 s.
Utlevert undervisingsmateriale.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
27.03.2008

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
22.04.2010