Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / GE428 Grunnvassressursar og energi  

GE428 Grunnvassressursar og energi

Kode
GE428

Norsk namn
Grunnvassressursar og energi

Engelsk namn
Ground Water Resources and Energy

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i Anvendt geologi. Felles undervisning med studentar i det internasjonale studiet GeoResources of Norway (30 studiepoeng).

Semester
Vår blokk 2


Forkunnskapar

Internasjonale og HSF-studentar: 90 studiepoeng frå eit geologisk bachelorstudium.

Læringsmål

Studentane skal få ei forståing av korleis grunnvatn opptrer i fast fjell og i lausmassar, og lære dei viktigaste metodane for grunnvassundersøkingar i felt. Emnet behandlar også grunnvatn som energikjelde.

Innhald/oppbygging

Jordas vassbalanse og dei viktigaste komponentane i vasskretsløpet med vekt på grunnvatnet si rolle. Forekomstmåtar for grunnvatn i lausmassar og fast fjell. Geologiske føresetnader for grunnvassmagasin. Kvantitative metodar: grunnvasstrøymning og berekning av hydrauliske parametrar. Grunnvassmodellering basert på MODFLOW. Grunnvasskjemi, problematikk rundt grunnvassforureining. Grunnvatn til vassforsyning, uttaksløysingar og dimensjonering. Felt- og laboratoriekurset omfatter metodikk for undersøking og kartlegging av grunnvassforekomstar: sondérboringar, sandspissundersøkingar, prøvepumping, prøvetaking med kjemisk analyse av grunnvatn. Ekskursjon til og informasjon om stader med alternative, fornybare energiformer grunnvassvarme og jordvarme.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar, feltarbeid og ekskursjon

Ekskursjonar

5 dagar

Arbeidskrav

Godkjend felt- og ekskursjonsrapport med rekneøvingar

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter

Pensum

Henriksen H & Nielsen JT: Innføring i Hydrogeologi, eller
Fetter CW 2000: Applied Hydrogeology, 4. utgave. Prentice Hall, ISBN: 0130882399
Aktuelle artikler

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
28.02.2008