Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / GE419 Petroleum og mineralske ressursar  

GE419 Petroleum og mineralske ressursar

Kode
GE419

Norsk namn
Petroleum og mineralske ressursar

Engelsk namn
Petroleum and Mineral Resources

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag.
Vert tilbydd saman med internasjonale studentar i det internasjonale studiet GeoResources of Norway (30 studiepoeng).

Semester
Vår blokk 1


Forkunnskapar

Internasjonale og HSF-studentar: 90 studiepoeng innanfor eit miljø- eller ressursretta bachelorstudium. Grunnleggjande kunnskap i geologi er eit obligatorisk krav.

Læringsmål

Emnet skal gi innsikt i korleis petroleum (olje, gass, kol) vert danna og akkumulert i jordskorpa, og framskaffe ei oversikt over den geologiske utviklinga av den norske kontinentalsokkelen, og geologiske metodar innanfor leiting etter petroleumsressursar. Mineraldelen dekker danninga og førekomst av ikkje metalliske mineralressursar, og bruken av desse mineralressursane og geologisk materiale elles.

Innhald/oppbygging

Emnet gir ei innføring i sekvensanalyse, geometri og tolking av strukturelle feller for olje og gass. Vidare behandlar kurset dei viktigaste loggingsmetodar og gir ei innføring i praktisk tolking av boreholsloggar. Mineraldelen omhandlar (a) danninga, førekomsten og eigenskapar av dei ikkje metalliske mineralressursar og korleis desse brukast som konstruksjons- og byggjemateriale, industrimineralar og fundamentering; og (b) korleis geologisk materiale brukast i avfallshandteringa og ved infiltrasjon av avløpsvatn frå hushald. I sluttseminaret utarbeider studentane eigne forelesingar på gitte tema innanfor petroleumsgeologi eller mineralressursar.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar, laboratorium, seminar

Arbeidskrav

Godkjend rapport frå øvingar og laboratorium

Sluttvurdering

40 %: Mappeevaluering. Delkode 001. Bokstavkarakter
60 %: Forelesing 45 minuttar. Delkode 002. Bokstavkarakter
Bokstavkarakter

Pensum

• Forelesingar.
• Studentane skaffar fram eige materiale til sine respektive forelesingar.
• Statens Forurensningstilsyn 1986: TA-611. Veiledning ved bygging og drift av større jordrenseanlegg.
• Utvalde artiklar og internettressursar.