Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / GE418 Ingeniørgeologi og geologisk risiko  

GE418 Ingeniørgeologi og geologisk risiko

Kode
GE418

Norsk namn
Ingeniørgeologi og geologisk risiko

Engelsk namn
Engeneering geology and geologic hazards

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag.


Semester
Haust blokk 3


Forkunnskapar

GE406 Geologi grunnkurs

Innhald/oppbygging

Ingeniørgeologi er geologi brukt i samband med byggje- og anleggsverksemd. Tema som vert handsama, er
(a) Geoteknikk: Stabilitet av lausmassar og fundamenteringsproblem.
(b) Byggjeråstoff: Bruk av lausmassar til byggje- og anleggsføremål, materialtekniske eigenskapar, krav til vegmateriale og betongtilslag, naturstein.
(c) Geologisk risiko: skred, flaum, erosjon, strålingsfare (radon) vulkanisme og jordskjelv.

Felt- og laboratoriekurset gir ei opplæring i metodar for geotekniske-, ingeniør- og miljøgeologiske undersøkingar: Boringar i lausmasse, undersøking av resipienteigenskapar i lausmassar, analyse av ulike sedimentologiske, ingeniørgeologiske og geotekniske parametrar som kornfordeling, form og materialtekniske eigenskapar til pukk. Det blir gitt praktiske øvingar i skredkartlegging, risikovordering, og ein kort gjennomgang av sikringsmetodar.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar og feltarbeid

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha kunnskap om dei mest vanlege ingeniørgeologiske problemstillingar og undersøkingsmetodar retta mot byggeverksemd og geologisk risiko.

Ekskursjonar

3 dagar

Arbeidskrav

Godkjend øvings- og feltrapport

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter

Pensum

• Rørvik T 1982: Geoteknikk 1. Universitetsforlaget.
• Smith K 1996: Environmental Hazards. 2. ed
• Lied K & Kristensen K 2003: Snøskred. Vett og Viten
• Utdelte aktuelle artiklar

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
08.04.2008

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
07.04.2009