GE417 Kvartærgeologi

Kode
GE417

Norsk namn
Kvartærgeologi

Engelsk namn
Quaternary Geology

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne for bachelorprogramma i Geologi og geofare og Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag

Semester
Haust blokk 1. Siste gong hausten 2010.


Forkunnskapar

GE 406 Geologi grunnkurs

Innhald/oppbygging

Emnet inneheld ei rekke tema: Glasiologi, glasial morfologi, kvartær stratigrafi, regional kvartærgeologi, klima- og havnivåforandringar og dateringsmetodar. I emnet inngår 5 dagar feltekskursjon til indre Austlandet.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, feltøvingar og ekskursjonar

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha kjennskap til den geologiske og klimatiske utviklinga i Kvartær tid, med spesiell vekt på forholdet mellom landskapsutvikling, lausmasseproduksjon og klimahistorie.

Ekskursjonar

Fem dagar, 4 netter.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjende feltjournalar

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter

Pensum

Trømborg, D. 2006: Geologi og landformer i Norge, Landbruksforlaget
eller
Andersen, B.G. 2000: Istider i Norge. Universitetsforlaget.
Utvalde artiklar.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
22.04.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010