GE414 Strukturgeologi

Kode
GE414

Norsk namn
Strukturgeologi

Engelsk namn
Structural Geology

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i Geologi og geofare.

Semester
Haust

Forkunnskapar

GE406 Geologi grunnkurs, GE407 Innføring i anvendt geofysikk, GE408 Mineralogi og petrografi, ME414 Matematikk naturfag

Innhald/oppbygging

Klassifisering og tolking av geologiske strukturar med vekt på praktiske problemstillingar. Sprø og duktil deformasjon av bergartar , brot- og danning av brot, brotkriterium. Felt- og laboratoriekurset gir metodisk opplæring i ulike arbeidsmetodar som vert nytta i strukturgeologiske undersøkingar: Øvingar i tolking av berggrunnsgeologiske kart og strukturkart; diverse berekningsproblem; struktur- og sprekkemålingar i berggrunn. I feltkurset skal studentane utføre sjølvstendig strukturgeologisk kartleggingsarbeid og lære seg ulike analysemetodar.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar og feltarbeid

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal
a) kunne vise god forståing for sentrale omgrep som spenning og deformasjon,
b) beherske ulike berekningsmetodar relatert til analyse av geologiske strukturar og strukturkart,
c) klassifisere og gi ei dynamisk tolking av geologiske strukturar,
d) kunne tolke berggrunnsgeologiske kart,
e) kunne kartlegge eit område geologisk og utføre strukturmålingar med kompass og
f) plotte / analysere strukturmålingar i grafar og ulike typar programvare.

Ekskursjonar

5 dagar ekskursjonar og feltarbeid

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjend øvings- og feltrapport

Deltaking på ekskursjonar og feltarbeid.

Sluttvurdering

Munnleg eksamen. Bokstavkarakter

Pensum

Fossen, H. & Gabrielsen, RH. 2005. Strukturgeologi. Fagbokforlaget. ISBN 978-82-450-0258-4
Henriksen H 2003: Strukturgeologi. Arbeidsmetodar og oppgåver. Kompendium HSF

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
30.03.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010