GE413 Kartlære og GIS

Kode
GE413

Norsk namn
Kartlære og GIS

Engelsk namn
Cartography and Geographical Information Systems

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogramma i Geologi og geofare, Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur og Fornybar energi.

Semester
Haust blokk 3.

Forkunnskapar

Basiskunnskapar i bruk av PC og filbehandling

Innhald/oppbygging

Kurset startar med ei innføring i kartgeometri, grunnlag for kartkonstruksjon, kartprojeksjonar og med øvingar i praktisk bruk av kart og GPS. Fjernanalysedelen tek opp moderne utvikling av satellittmålingar og prinsipp for tolking av satelittfoto. I GIS-delen får studentane ei oversiktleg innføring i grunnleggande komponentar i vektorbasert GIS, og kva det kan nyttast til. Øvingar i bruk av computerbasert GIS vil bli vektlagd. Systemet som vert brukt er ArcGis.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og obligatoriske arbeidsoppgåver i kartografi og digitale kart (GIS)

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studenten
• ha grunnleggjande kunnskap om topografiske og tematiske kart, kartprojeksjonar og koordinatsystem
• kjenne til bruken av kart og kompass
• ha kjennskap til prinsippene for flyfototolking og fjernanalyse
• kunne gjøre feltregistreringar ved hjelp av GPS og overføre slike data til digitale kart (ArcGis)
• kunne lage og bearbeide digitale kart
• kunne bruke online GIS-ressursar.

Sluttvurdering

Mappeevaluering av innleverte øvingar. Greidd / ikkje greidd.

Pensum

Diverse litteratur / artiklar på internett.

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
09.04.2010