Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / GE409 Sedimentologi og globale endringar  

GE409 Sedimentologi og globale endringar

Kode
GE409

Norsk namn
Sedimentologi og globale endringar

Engelsk namn
Sedimentology and Global Changes

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag






Semester
Haust blokk 2

Forkunnskapar

GE406 Geologi grunnkurs, KJ415 Kjemi grunnkurs, GE407 Innføring i anvendt geofysikk, GE408 Mineralogi og petrografi

Læringsmål

Emnet skal gi studentane grunnlag for å kunne identifisere og forstå sedimentære avsettingar og bergartar frå ulike sedimentære miljø, og tolking av avsettingshistoria.

Innhald/oppbygging

Emnet gir ei oversikt over prosessar som har betydning for danninga av sediment og sedimentære bergartar. Sedimenttransport og avsettingsprosessar og sedimentære teksturar og strukturar vil bli diskuterte. Vidare vert mineralsammensetting, klassifikasjon og danning av dei viktigaste sedimenttypane gjennomgått. Det blir gitt ei oversikt over dei mest framtredande sedimentære avsettingsmiljø med spesielt fokus på avsetting av organisk materiale under anoksiske forhold, som er grunnleggande for forståinga av danninga av petroleumsførande bergartar.

Dei sedimentære prosessane vil bli illustrert ved tolking av formasjonar avsett gjennom heile jordas historie og deira tolking med omsyn til globale endringar fram til i dag. Tematikken knytast blant anna til følgjande generelle problemstillingar: Geologiske årsaker til klima- og havnivåendringar, geokjemiske syklar og ”Oceanic Anoxic Events”. Emna vert knytte til miljøproblem og ressurssituasjon i dag.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar og seminar.

Arbeidskrav

Godkjend øvingsrapport og seminar.

Sluttvurdering

Presentasjon med munnleg eksamen. Bokstavkarakter

Pensum

Forelesingar
Utvalde, aktuelle artiklar.