Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / GE408 Mineralogi og petrografi  

GE408 Mineralogi og petrografi

Kode
GE408

Norsk namn
Mineralogi og petrografi

Engelsk namn
Mineralogy and Petrography

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i Geologi og geofare.

Semester
Haust blokk 2

Forkunnskapar

GE406 Geologi grunnkurs

Innhald/oppbygging

Emnet startar med ei enkel innføring i krystallografi, og går meir detaljert inn på mineralstruktur og mineralkjemi. Vi går gjennom dei optiske og andre fysiske eigenskapane til mineral, og korleis ein nyttar desse til mineralidentifikasjon ved polarisert lysmikroskopi, røntgendiffraksjon og elektronoptiske metodar. I petrografidelen går vi gjennom mineralogisk klassifikasjon av dei vanlegaste sedimentære, magmatiske og metamorfe bergartane.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og laboratoriekurs.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentene skal
a) kunne beskrive og identifisere vanleg førekommande mineral i handstykke,
b) kjenne til ulike identifikasjonsmetodar for mineral
c) ha spesielt godt kjennskap til mineral som er årsak til miljøproblem og geotekniske problem
d) ha kunnskap om danning og førekomstmåtar for mineral og bergartar
e) kunne utføre mineralogisk klassifikasjon av bergartar.
Emnet skal gi studentane grunnleggande kunnskap om dei fysiske og kjemiske eigenskapane til mineral, om danning og forekomstmåte for mineral, og om mineralogisk klassifikasjon av bergartar.

Ekskursjonar

1 dag

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjent laboratoriejournal

Deltatt på ekskursjon.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter

Pensum

Perkins D. 2001: Mineralogy 2/e. Prentice Hall ISBN 0-13-062099-8

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
30.03.10

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010