Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / GE406 Geologi grunnkurs  

GE406 Geologi grunnkurs

Kode
GE406

Norsk namn
Geologi grunnkurs

Engelsk namn
Introduction to Geology

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogramma i Geologi og geofare, Fornybar energi og Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur.


Semester
Haust blokk 1

Innhald/oppbygging

Emnet gir ei innføring i sentrale geologiske omgrep:
• Jordas indre oppbygging og platetektonikk.
• Danning av mineral og bergartar.
• Indre prosessar: Magmatisk aktivitet, metamorfose og deformasjon av jordskorpa.
• Ytre prosessar: Forvitring, skråningsprosessar, erosjon, transport og avsetning av sediment og sedimentære bergartar.
• Ulike geologiske landformer, marin geologi.
• Oversyn over Norges geologi og naturressursar.
• Øvingar i dei viktigaste mineral og bergartar, jordartar, geologiske kart og flyfoto.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, obligatoriske laboratoriekurs og obligatoriske ekskursjonar

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha oversyn over og forståing av dei grunnleggande geologiske prosessane som er nemnde i innhaldslista. Gjennom laboratorie- og feltøvingar skal studentane kunne bruke og forstå ulike geologiske metodar og få trening i rapportskriving.

Ekskursjonar

Fem dagar, ei overnatting.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjende felt- og øvingsrapportar

Deltaking på ekskursjonar og feltarbeid.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter

Pensum

Skinner, B.J. & Porter, S 2004. The Dynamic Earth, 5. utg. John Wiley & Son. Inc.
To kompendium til laboratorieøvingane.
Stoff som er delt ut og gjennomgått i felt- og laboratorieøvingar.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
25.02.08

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2009