FY2-100 Fysikk

Kode
FY2-100

Norsk namn
Fysikk

Engelsk namn
Physics

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Matematisk-naturvitskapleg grunnlagsfag i ingeniørstudiet.



Semester
1. år, vårsemesteret



Forkunnskapar

Ingen, utover opptakskrav

Innhald/oppbygging

Innnføring i naturvitskapleg arbeidsmåte. Mekanikk: Rørsle, Newtons lover, energi og effekt, impuls og rørslemengde, støyt, rotasjon, spinn, spinnsatsen.
Elektromagnetisme: Ladning, elektrisk felt, Gauss lov, elektrisk potensial, ladning i magnetfelt, magnetiske kjelder, elektromagnetisk induksjon.
Svingningar og bølgjer: Harmoniske-, dempa- og tvungne svingingar, matematisk beskriving av bølgjer, interferens.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekneøvingar, 2-timars prøve, lab.øvingar og innleveringar.

Kompetanse/læringsutbyte

Emnet skal vere med på å gje studentane eit naturvitskapleg fundament for arbeid med dei tekniske faga. Dette gjer ein ved å gje ei innføring i naturvitskapleg arbeidsmåte og ved å vise korleis matematiske metodar vert bruka i fysikk.

Studentane skal
- kunne om rettlinja rørsle og rørsle i planet også når akselerasjonen varierer med tida.
- ha kunnskapar om og kunne rekne ut tangentialakselerasjon og normalakselerasjon
- kunne rekne ut bogelengde av ein bane
- kunne bruke Newtons lover
- kunne bruke lov om bevaring av mekanisk energi.
- kunne rekne med både rette og skeive støyt
- ha kunnskap om rørslelovene for rotasjonsrørsle
- ha kunnskap om kinetisk rotasjonsenergi både for rotasjon om ein fast akse og om ein akse i rørsle
- ha kunnskap om dynamikk for rotasjonsrørsle både om ein fast akse og om ein akse i rørsle
- ha kjennskap til spinnsatsen og kunne bruke denne i utrekningar.

- ha kunnskapar om ladning og elektrisk felt
- kunne bruke Coulombs lov til å finne felt frå fleire punktladningar og kjennskap til korleis ein ved Coulombs lov finn elektrisk felt frå kontinuerlige ladningsfordelingar
- ha kunnskapar om Gauss lov og kunne bruke denne til utrekning av elektrisk felt
- ha kunnskapar om elektrisk potensiale og kunne rekne ut potensialet frå fleire punktladningar
- hunne rekne med rørsle til ladd lekam i homogent elektrisk felt
- ha kunnskapar om magnetiske kjelder
- kunne rekne ut magnetfelt rette leiarar og rette spolar
- ha kunnskapar om krefter frå magnetfelt på ladningar i rørsle og på rette leiarar
- ha kunnskapar om elektromagnetisk induksjon og sjølvinduksjon.

-ha kunnskapar om harmoniske og dempa svingingar og kunne rekne med rørslelikningar for desse
- ha kjennskap til tvungne svingingar
- kunne rekne ut perioden til ein fysisk pendel
- ha kunnskapar om mekaniske og elektromekaniske bølgjer
- ha kunnskapar om matematisk beskriving av harmonisk bølgje
- ha kunnskapar om interferens og kunne rekne med interferens frå to identiske bølgjekjelder.

Arbeidskrav

3 godkjende labøvingar.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar (vekt 60%). Delkode 001
Hjelpemiddel: Formelsamling. Kalkulator: Enkel.
Mappe (to innleveringar og ein prøve, vekt 40%). Delkode 002
Begge delane må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Pensum

Young & Freedman: University Physics. Addison Wesley. Siste utgåve. Chap. 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 12, 13, 15, 16, 21, 22, 23, 25, 27, 28, 29, 33, 35 er pensum.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
12.05.09

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.08

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
27.04.10