Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / FK208 Matematikk, tresemester  

FK208 Matematikk, tresemester

Kode
FK208

Norsk namn
Matematikk, tresemester

Studiepoeng
0,00

Kategori
Obligatorisk emne for tresemesterordning



Semester
Sommarsemester før 1. året.



Forkunnskapar

 Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innhald/oppbygging

 Aritmetikk og algebra
 Funksjonar
 Likningar og ulikskapar
 Geometri
 Derivasjon
 Integrasjon
 Differensiallikningar
 Talfølgjer og rekker
 

Undervisnings- og læringsformer

 Førelesingar og oppgåveløysing individuelt og i gruppe (til saman ca. 170 timar). Prøvar (2 to-timarsprøvar og 1 heildagsprøve).

Kompetanse/læringsutbyte

Emnet skal gje ei innføring i dei matematiske emna som ingeniørutdanninga byggjer på for studentar med generell studiekompetanse, som har matematikk Vg1 T eller tilsvarande frå vidaregåande skule.

Studentane skal nå dei same kompetansemåla innan dei vesentlege delane av geometri, algebra og funksjonar som i programfaga R1 og R2 i ”Matematikk for realfag” i studiespesialiserande utdanningsprogram i vidaregåande skule. Studentane vidare skal få kjennskap til differensiallikningar og bruken av desse på praktiske problemstillingar, og kunne løyse enkle separable differensiallikningar.

Studentane skal få ferdigheiter i å formulere logiske resonnement og kunne delta i drøftingar av løysingar på matematiske problem. Dei skal også kunne trekke matematisk relevant informasjon ut av ein tekst, tabell, graf eller geometrisk figur. Dei skal kunne utføre rekning med ulike rekneoperasjonar, og kunne vurdere om eit svar er rimeleg. Dei skal kunne bruke matematisk kalkulator til å utføre utrekningar, løyse likningar og teikne grafar.

Arbeidskrav

 Minst 90% frammøte.

Sluttvurdering

 Mappe: To 2-timars prøvar og ein heildagsprøve (5t)
 Hjelpemiddel ved prøvane: Alle skrivne og trykte. Enkel kalkulator.
 

Pensum

 Tore Oldervoll, Odd Orskaug, Audhild Vaaje: Sinus. Matematikk for ettårig forkurs. Cappelen. Siste utgåve.Kap. 1 – 17 er pensum.
 Tore Oldervoll, Odd Orskaug, Audhild Vaaje: CoSinus. Matematikk for ettårig forkurs. Oppgavesamling. Cappelen. Siste utgåve.
 

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
30.04.08

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.04

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
27.05.10