Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / FK207 Fysikk, tresemester  

FK207 Fysikk, tresemester

Kode
FK207

Norsk namn
Fysikk, tresemester

Studiepoeng
0,00

Kategori
Obligatorisk emne for tresemesterordning



Semester
Første året


Forkunnskapar

 Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innhald/oppbygging

 Innføring i naturvitskapleg arbeidsmåte
 Lys
 Bølgjer
 Interferens
 Fysikk som målefag
 Rettlinja rørsle
 Kraft og rørsle
 Arbeid og energi
 Fysikk i væsker og gassar
 Termofysikk
 Atomfysikk
 Kjernefysikk
 Rapportskriving (lab)

Undervisnings- og læringsformer

 Førelesingar, rekneøvingar og lab. arbeid (til saman ca. 84 t).
 1 skriftleg innlevering. Prøvar (Ein 2-timarsprøve og ein heildagsprøve (4t)).

Kompetanse/læringsutbyte

Emnet skal gje ei innføring i sentrale delar av fysikkfaget for studentar med generell studiekompetanse og som manglar programfag Fysikk 1 eller tilsvarande frå vidaregåande skule.

Studentane skal få innsyn i grunnleggjande lover i fysikkfaget og såleis bidra til ei djupare forståing av natur, teknologi og fenomen i dagleglivet. Studentane skal få røynsle i å gjennomføre praktisk laboratoriearbeid og skrive laboratorierapportar.

 Studentane skal nå dei same kompetansemåla innan vesentlege delar av fysikkfaget som i programfag Fysikk 1 i studiespesialiserande utdanningsprogram i den vidaregåande skule

Arbeidskrav

 Minst 90% frammøte. 4 godkjende labøvingar.

Sluttvurdering

 Mappe: Ei skriftleg innlevering, ein 2-timars prøve, ein heildagsprøve (4t).
 Hjelpemiddel ved prøvane: Alle trykte og skrivne. Enkel kalkulator

Pensum

 Jerstad / Sletbak/Grimnes: Rom-Stoff-Tid. Forkurs ingeniørutdanning og maritim høgskoleutdanning. Cappelen. Siste utgåve. Kap. 1 – 6 og 9 – 10 og 12 – 16 er pensum.
 Jerstad / Sletbak / Grimnes: Rom Stoff Tid. Forkurs ingeniørutdanning og maritim høgskoleutdanning. Studiebok. Cappelen. Siste utgåve

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
30.04.08

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.08

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
27.05.10