FK205 Fysikk

Kode
FK205

Norsk namn
Fysikk

Engelsk namn
Physics

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
0,00

Kategori
Obligatorisk emne for forkurs for ingeniørutdanning



Semester
Haust- og vårsemester


Forkunnskapar

Opptakskrav til forkurs

Innhald/oppbygging

Måleeiningar og berekningar, rettlinja rørsle, kraft og rørsle langs ei rett linje, kraft og rørsle i to dimensjonar, mekanisk energi, statikk, mekanikk i væsker og gassar, termofysikk, elektrisitet, lys, bølgjer, atom- og kjernefysikk. Rapportskriving i samband med laboratorieøvingar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveløysing og laboratorieøvingar i 7 timar per veke.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal få naudsynt kunnskap i fysikk for å starte studier ved ingeniørutdanning og maritim utdanning.
Studentane skal utvikle dugleik i å løyse fysiske problem med matematikk som verktøy, og utvikle dugleik i eksperimentelle arbeidsmetodar.Studentane skal på ein reflektert og grunngjeven måte bruke kunnskapane og dugleikane sine ved gjennomføringa av ulike arbeidsoppgåver, både sjølvstendig og som deltakar i ei gruppe.

Studentane skal kunne:
Måleeiningar og berekningar:
• bruke SI-systemet
• rekne med storleikar og einingar og omrekning mellom einingar
• vurdere feil og usikkerheit
• presentere tal på standardform og med dekadiske prefiks
• vurdere bruken av idealiserte modellar
Rettlinja rørsle:
• beherske omgrepa forflytting, fart og akselerasjon
• tolke og utarbeide grafiske framstillingar av ulike typar rørsler
• rekne med rørslelikningane for konstant akselerasjon
Kraft og rørsle langs ei rett linje:
• teikne kraftvektorar
• rekne med friksjon og tyngd
• forstå Newtons tre lover og bruke desse i enkle problem
• rekne med rørslemengd og impuls
Kraft og rørsle i to dimensjonar:
• bruke Newtons tre lover i situasjonar der ikkje alle krefter verkar langs same rette linje
• utføre berekningar for rørsler på skråplan, skrått kast, sirkelrørsle, planpendel og kjeglependel
Mekanisk energi:
• rekne med arbeid, effekt og kinetisk energi
• rekne med potensiell energi i tyngdefeltet og i elastisk fjør
• rekne med energibevaring
Statikk:
• definere og rekne med kraftmoment
• rekne med rotasjonsjamvekt om ein akse
• berekne tyngdepunkt for ein lekam
Mekanikk i væsker og gassar:
• rekne med hydrostatisk trykk
• rekne med oppdrift
Termofysikk:
• gjere greie for temperaturomgrepet
• gjere greie for omgrepet idealgass
• rekne med tilstandslikningane for ein idealgass
• gjere greie for isoterme prosessar og pV-diagram
• gjere greie for kinetisk gassteori
• gjere berekningar med den gjennomsnittlege kinetiske energien i ein gass
• gjere greie for omgrepa indre energi og varme
• gjere berekningar med kalorimetri der faseovergangar kan hende
• gjere greie for og bruke termofysikkens første lov
• gjere greie for termofysikkens andre lov
• forklare verkemåten til ei varmepumpe
Lys:
• rekne med refleksjon, bryting og totalrefleksjon av lys
• gjere greie for det elektromagnetiske spekteret
Bølgjer:
• definere og bruke omgrepa svingetid, frekvens, bølgjelengd og bølgjefart
• gjere greie for bøying og overlagring av mekaniske og elektromagnetiske bølgjer
• rekne med interferens for mekaniske og elektromagnetiske bølgjer
Atom- og kjernefysikk:
• gjere greie for Rutherfords eksperiment
• rekne med Bohrs atommodell
• gjere greie for emisjons- og absorbsjonsspekter
• gjere greie for oppbygnaden til atomkjerna
• beskrive dei ulike formane for radioaktivitet og setje opp reaksjonslikningar for kjernereaksjonar
• rekne med halveringstid, massesvinn og kjerneenergi

Arbeidskrav

Godkjend deltaking på 6 laboratorieøvingar .
Minst 75% opmøte i undervisninga.

 

Sluttvurdering

Mappe (vekt 50%, tre 2-timars prøver, to 5-timarsprøver og tre laboratorierapportar).
Delkode 002. Ved stryk i mappa kan ny mappe leverast påfølgande semester.
Skriftleg eksamen, 5t (vekt 50%). Delkode 001.
Hjelpemiddel: Enkel kalkulator med grafisk display og ”Tabellar og formlar i fysikk, Gyldendal”.
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

 

Pensum

Jerstad, Sletbak og Grimenes: Rom Stoff Tid, forkurs grunnbok. Heile boka er pensum.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
12.05.08

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
14.05.09