FK204 Matematikk

Kode
FK204

Norsk namn
Matematikk

Studiepoeng
0,00

Kategori
Obligatorisk emne for forkurs for ingeniørutdanning


Semester
Haust- og vårsemester

Forkunnskapar

Opptakskrav til forkurs

Innhald/oppbygging

Vert undervist med 10 timar i veka.
Aritmetikk og algebra
Mengdelære, likningar og ulikskapar
Generell geometri
Trigonometri
Funksjonar
Grenseverdiar og kontinuitet
Derivasjon
Trigonometriske funksjonar
Eksponential- og logaritmefunkjsonar
Vektorar
Integrasjon og differensiallikningar
Rekkjer
Sannsynsrekning

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveløysing individuelt og i grupper.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal få nødvendig kunnskap i matematikk for å kunne starte studiar ved ingeniørutdanning og maritim utdanning, men også ved andre utdanningar der matematikk er eit vesentleg grunnlag. Dei skal utvikle ferdigheiter i grunnleggjande emne i matematikk, og få trening i matematisk tenkjemåte. Studentane skal, på ein reflektert og grunngjeven måte, bruke kunnskapane og ferdigheitene sine ved gjennomføring av ulike arbeidsoppgåver, både sjølvstendig og som medlem i ei gruppe. Dei skal kunne bruke matematisk kalkulator til å utføre utrekningar, løyse likningar og teikne grafar. Dei skal også ha kjennskap til bruk av matematikkprogram som til dømes Geogebra.

For meir detaljerte delmål innan kvart område på emnelista vert det vist til emneomtalen for matematikk i den sentralgjevne studieplanen for forkurs, datert januar 2009.

Arbeidskrav

Minst 75% oppmøte i undervisninga

Sluttvurdering

Delkode 002 Mappe (vekt 50%, 2 innleveringar, 4 prøvar på 2 timar, 2 heildagsprøvar). Ved stryk i mappa kan ny mappe leverast påfølgande semester.
Delkode 001 Skriftleg eksamen, 5t ( vekt 50%). Hjelpemiddel: Enkel kalkulator med grafisk display, formelsamling.
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Pensum

Tore Oldervoll, Odd Orskaug, Audhild Vaaje: Sinus. Matematikk for ettårig forkurs. Cappelen. Siste utgåve.Kap. 1 – 18 er pensum.
Tore Oldervoll, Odd Orskaug, Audhild Vaaje: CoSinus. Matematikk for ettårig forkurs. Oppgavesamling. Cappelen. Siste utgåve.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
30.04.08

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
27.05.10