FK200 Norsk

Kode
FK200

Norsk namn
Norsk

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
0,00

Kategori
Obligatorisk emne for forkurs for ingeniørutdanning



Semester
Haust- og vårsemester


Forkunnskapar

 Opptakskrav til forkurs.

Innhald/oppbygging

 Vert undervist med 8 timar i veka.

 Språket og kommunikasjonsprosessen
 Skriftleg framstilling
 Munnleg framstilling
 Litteratur
 Informasjonsinnhenting
 Tverrfagleg prosjektarbeid og samarbeid
 Sidemål

Undervisnings- og læringsformer

 Førelesingar og øvingsoppgåver individuelt og i gruppe. Tverrfagleg prosjektarbeid. Innlevering av mappetekstar jamt fordelt over året.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal ha kunnskap om korleis språket vert nytta som verktøy for god kommunikasjon og kunnskap om hovudtrekka i norsk litteratur frå midten av 1800-talet og fram til i dag. Studentane skal ha utvikla ferdigheiter i å bruke norsk som verktøy til kommunikasjon skriftleg og munnleg i ulike sjangrar og ut frå kontekst, situasjon og mål. Studentane skal på ein reflektert og grunngjeven måte bruke kunnskapane og ferdigheitene sine ved gjennomføringa av ulike arbeidsoppgåver, både sjølvstendig og som deltakar i ei gruppe.

For meir detaljert læringsutbyte vert det vist til emneomtalen for norsk i den sentralgjevne Studieplan forkurs for ingeniørutdanning og maritim høgskuleutdanning, Universitet og høgskulerådet, datert januar 2009.

Arbeidskrav

 Minst 75% oppmøte i undervisninga

Sluttvurdering

Arbeidsmappe: ca 10 skriftlege innleveringar, samt nokre muntlege presentasjonar. Dei skriftlege innleveringane er av to typar: "korttekstar og langtekstar".

Delkode 002 Mappe : Frå arbeidsmappa vel studenten ut 5 tekstar til vurderingsmappa, inkl rapport for tverrfagleg  prosjekt og fordjupningsoppgåve (vekt 50%). Ved stryk i mappa kan eksisterande tekstar forbetrast og leverast på nytt påfølgande semester.
 Delkode 001 Skriftleg eksamen, 5t (50%). Hjelpemiddel: Norsk ordbok.
 Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Pensum

 Karlsen, Terje: Kommunikasjon. Målstyrt samarbeid og informasjon. Gyldendal, siste utgåve. Kap. 1, 2, 5, 7, 8 og 9.
 Jansson, Benthe Kolberg m.fl.: Tema vg3: Norsk språk og litteratur Det Norske Samlaget 2008. 2.utg. ISBN: 978-82-521-7072-6.
Undervisningsmateriale på Fronter (diverse tekstar utdelte i løpet av studieåret)

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
02.06.09

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
27.05.10