EN2-300 Studentbedrift

Kode
EN2-300

Norsk namn
Studentbedrift

Studiepoeng
10,00

Kategori
Valfritt emne i ingeniørstudiet.

Semester
Haust - og vårsemesteret.

Forkunnskapar

Ingen.

Innhald/oppbygging

Studentane skal opprette, drive og avvikle ei minibedrift. Malen for studentbedrifter skal følgjast, kvar bedrift vil få utlevert detaljert oppsett. Med utgangspunkt i ein god forretningside skal det utarbeidast forretningsplan. Studentbedrifta skal registerast i Brønnøysund, det skal skaffast startkapital og bedrifta skal organiserast. Det skal utarbeidast ein marknadsplan. Bedrifta skal til slutt avviklast, og det skal skrivast ein sluttrapport.

Undervisnings- og læringsformer

Sjøvstendig arbeid, men med rådgivarar frå skulen og ein mentor frå næringslivet.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal ha fått innføring i verdiskaping og nyskaping i arbeids- og næringsliv. Studentane skal i løpet av studieåret ha drive ei studentbedrift frå start til avvikling, med hjelp frå rådgivarar ved skulen og ein mentor frå næringslivet.

Arbeidskrav

Alle krav som vert stilte til studentbedrifter er arbeidskrav.

Sluttvurdering

Greidd/ ikkje greidd basert på sluttrapport.

Pensum

Pensum vert opplyst ved semesterstart.

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.04

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
07.05.09