Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / EL2-203 Elektronikk og datamaskiner  

EL2-203 Elektronikk og datamaskiner

Kode
EL2-203

Norsk namn
Elektronikk og datamaskiner

Engelsk namn
Electronics and Computer Architecture

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Teknisk emne i ingeniørstudiet.



Semester
2. år, haustsemesteret

Forkunnskapar

 Byggjer på Grunnleggjande elektro 1 og 2, Datateknikk med programmering

Innhald/oppbygging

 Elektronikk
 Frekvensgang, effektforsterkarar, tilbakekopla forsterkarar, oscillatorar og spenningsforsyningar.

 Datamaskiner
 Prosessor og viktige integrerte krinsar, intern kommunikasjon, interne og eksterne lager, inn/ut system, moderne arkitektur, maskinnær programmering-assembler, grensesnitt (tastatur, mus, seriall port) periferutstyr, mikroprosessorar. Programmere FPGA i Verilog.

Prosjekt med utvikling av eit produkt knytt til faget.

Undervisnings- og læringsformer

 Førelesingar, laboratorieøvingar og prosjektarbeid.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:
- kunne forstå og regne på ulike spenningsregulatorer.
- kunne foreta frekvensanalyse på BJT-transistortrinn.
- kunne forstå og regne på ulike effekttransistortrinn og forstå prinsippet for kjøling.
- kunne forstå og regne på tilbakekoplingsprinsippet i transistorkretsar.
- kunne forstå oscillatorkoplinger.
- kunne forstå korleis firesjiktelementet, tyristoren, triac, diac og andre toterminalkomponentar fungerer.
-ha vidareutvikla kompetanse i laboratoriearbeid og skriving av laboratorierapportar

-ha innsikt i dei ulike funksjonelle og fysiske elementa i datamaskiner, korleis dei verkar saman, og korleis dei blir kontrollerte av programvare på ulike nivå
- kjenne til dei numeriske systema brukt i datamaskiner
- kjenne til datamaskinarkitektur (element, busser)
- kunne lage, programmere og simulere elektronikk utstyr med VERILOG/VHDL
- kjenne til deler av datamaskin, spesielt prosessor og minne
- kjenne til serielle  og parallelle grensesnitt i datamaskiner

-ha kunnskapar og trening i prosjektarbeid, produktutviklingsmetodar og dokumentasjon knytt til dette

Arbeidskrav

 3 godkjende laboratorieøvingar.

Sluttvurdering

 Skriftleg eksamen, 4t. (vekt 60%). Hjelpemiddel: Alle trykte og skrivne. Kalkulator: Alle. Delkode 101
 Prosjekt (vekt 40%) Delkode 102
 Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.
 

Pensum

 Boylestad. Electronic Devices and Circuit Theory, siste utgåve, Prentice-Hall. Kapittel 9, 12, 13.2, 14, 15, 16.4, 16.6 - 8 og 17.3, 4, 6, 10, 11, 12, 14 og 17.15 er pensum.
 Ørjan G. Martinsen. PC-basert instrumentering og mikrokontrollere. Siste utgåve, Gyldendal. Kapittel 1 – 4 og 9.10
 Førelesningsmateriale (elektronisk, Fronter).
 

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
14.04.08

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.04

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
26.05.10