Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / EL2-201 Reguleringsteknikk  

EL2-201 Reguleringsteknikk

Kode
EL2-201

Norsk namn
Reguleringsteknikk

Engelsk namn
Control Systems

Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Teknisk emne i ingeniørstudiet.


Semester
2. år, vårsemesteret


Forkunnskapar

 Byggjer på Grunnleggjande elektro 1 og 2, Matematikk 1 og 2, eller tilsvarande.

Innhald/oppbygging

 Matematisk modellering: Differensiallikningar, overføringsfunksjon, Laplacetransform, tilstandsrommodell.
 Stabilitetsanalyse: Rouths kriterium, Nyquists stabilitetskriterium, frekvensresponsanalyse, Bodediagram,
 Reguleringsprinsipp: PID-regulatoren, polplasseringsmetodar, z-transform, digitale reguleringssystem
 Dataverktya Matlab, Simulink og Labview vert brukte.
 

Undervisnings- og læringsformer

 Førelesingar, laboratorie- og rekneøvingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal kunne:
- modellere enkle lineære mekaniske og elektriske system
- analysere 1. og 2. ordens system med omsyn på tidsrespons og frekvensrespons og ha kjennskap til system av høgare orden
- finne tilstandrommodellar på kontroll-kanonisk from for 2. ordens system og system av høgare orden
- teikne og redusere blokkdiagram
- teikne asymptotiske Bodediagram
- utføre stabilitetsanalysar ved frekvensresponsmetodar, Rouths kriterium og rotkurve
- dimensjonere ein PID-regulator ved å bruke frekvensplanet
- bruke z-tranformen til analyse og modellering av diskrete system, og til diskretisering av regulatorar
- bruke MATLAB og Simulink til analyse og syntese av reguleringssystem
- forstå samanhengen mellom grunnleggande elektrofag, matematikk og reguleringsteknikk
- ha kjennskap til nyvinningar på fagfeltet

Arbeidskrav

 4 godkjende øvingar.

Sluttvurdering

 Mappe (vekt 40%, 1 prøve og 1 innlevering). Delkode 002
 Skriftleg eksamen, 4t. (vekt 60%). Hjelpemiddel: Alle skrivne og trykte. Kalkulator: Alle. Delkode 001
 Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.
 

Pensum

 Lærebok: Nise. Control Systems Engineering. 5. utgåve, Wiley.
 Kapittel 1, 2, 3, 4, 5 (- 5.4, 5.5 og 5.6), 6, 7, 10, 12, 13 + utdelt materiale om dimensjonering i frekvensplanet er pensum.
 Studentversjon av programmet Matlab: Matlab &Simulink Student Release, Pearson Education (www.pearsoned.co.uk)
Studentversjonen av programmet LabVIEW: LabVIEW Student Edition, National Instruments.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
27.05.10

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.04

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
27.05.10