Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / EL2-102 Grunnleggjande elektro 2  

EL2-102 Grunnleggjande elektro 2

Kode
EL2-102

Norsk namn
Grunnleggjande elektro 2

Engelsk namn
Electric and electronic circuits 2

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Teknisk emne i ingeniørstudiet.



Semester
1. år, vårsemesteret


Forkunnskapar

 Grunnleggjande elektro 1, eller tilsvarande

Innhald/oppbygging

 Digitalteknikk
 Logiske krinsar, logiske funksjonar, analyse og syntese av kombinatoriske og sekvensielle krinsar, A/D og D/A omforming. Introduksjon til mikroprosessorar, datamaskiner og modem. Bruk av programvare til programmering av digitale krinsar. Prosjekt med utvikling av eit produkt knytt til faget.
 Vekselstraum
 Grunnleggjande omgrep, visarrekning, effekt, trefasesystem, transformatoren, filterkrinsar, bruk av funksjonsgenerator og oscilloskop, frekvenskarakteristikkar

Undervisnings- og læringsformer

 Førelesingar, øvingar, prosjekt og laboratoriearbeid.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal kunne:

Digital teknikk:
- forstå dei ulike talsystem.
- forstå dei ulike logikkfamiliane og grunnportane sin virkemåte og oppbygging
- rekneregler og Boolsk algebra. Forstå korleis dei matematiske operasjonane føregår.
- lage skjema med kombinatorisk logikk
- Karnaughdiagram metode
- dei ulike vippene og forstå korleis disse er oppbygd
- forstå korleis tellere, register, encodere, decodere, mux’er, demux’er, comparatorer og memory er oppbygd og sett saman i eit større system
- forstå A/D og D/A konverter og koplinga mot den analoge verden
- teikne og forklare PC’ens oppbygging.

Vekselstraumkretsar:
- grunnleggande omgrep og forstå straum-spennings forholdet i vekselstraumskretsar.
- rekne og bruke kompleks matematikk for å finne størrelser i vekselstraumskretsar.
- maske, node og superposisjonsprinsippet
- Thevenin, Norton og Millman’s teorem.
- forstå effekttrekanten
- forstå og rekne på serie og parallelle resonanskretsar.
- forstå ulike filterkretsar og kunne regne på disse.
- forstå ulike transformatorkoplinger og kunne regne på disse.
- forstå trefasesystema, og kunne regne på disse.

Studentane skal ha
- kjennskap til nyvinningar innan fagfeltet.
- vidareutvikla kompetansen i laboratoriearbeid og skriving av laboratorierapportar.
- kunnskapar og trening i prosjektarbeid, produktutviklingsmetodar og dokumentasjon knytt til produktutviklinga

Arbeidskrav

 5 godkjende laboratorieøvingar.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4t. (vekt 60 %). Hjelpemiddel: Læringssenteret: Formelsamling, Gyldendal, John Haugan: Formler og tabeller, NKI. Kalkulator: Enkel. Delkode 001
Prosjekt (vekt 40 %).Delkode 002
Begge delane må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Pensum

 Digitalteknikk: Tocci: Digitals Systems, Principles and Applications. Siste utgåve.
 Kapittel 2. Tallsystem.
 Kapittel 3. Logiske kretsar. Unntatt kap. 3.16-3.20
 Kapittel 4. Kombinatorisk logikk. Unntatt kap. 4.2, 4.8, 4.10-4.17
 Kapittel 5. Flip-Flops kretsar. Unntatt kap. 5.3, 5.12-5.16, 5.20, 5.24- 5.27
 Kapittel 6. Digital aritmetikk. Unntatt kap. 6.6 - 6.8, 6.17-6.21
 Kapittel 7. Tellere og register. Unntatt kap. 7.2, 7.8, 7.11-7.14, 7.21-7.24
 Kapittel 8. Logiske familier. Unntatt kap. 8.15 - 8.19.
 Kapittel 9. MSI logikk. Unntatt kap. 9.5, 9.9, 9.13-9.20
 Kapittel 11. Kopling mot analog verden. Unntatt kap. 11.7, 11.9, 11.10, 11.13, 11.16, 11.17
 Kapittel 12. Minne. Unntatt 12.9, 12.18-12.21
 Kapittel 13. PLD. Unntatt kap. 13.4, 13.6, 13.7.
 + intro. av datamaskin og modem.
 

 Elektrisitetslære: Boylestad: Introductory Circuit Analysis. 11. utgåve, Prentice-Hall. Kapittel 13 - 23 er pensum.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
14.04.08

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.04

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
05.05.10