Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / DA2-100 Datateknikk med programmering  

DA2-100 Datateknikk med programmering

Kode
DA2-100

Norsk namn
Datateknikk med programmering

Engelsk namn
Programming 1

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Matematisk-naturvitskapleg grunnlagsfag i ingeniørstudiet.



Semester
1. år, vårsemesteret


Forkunnskapar

Føreset noko praktisk kunnskap i bruk av dataverktøy

Innhald/oppbygging

Kort orientering om digital representasjon, oppbygging og verkemåte til ei datamaskin, program, operativsystem og algoritmer, lover/reglar og personvern. Oppbygging av strukturerte, objektorienterte program. Ulike datatypar, tilordningar, tastatur, skjerm og filbehandling, stream, vilkår, løkker, tabellar, metodar, klassar og objekt. Enkel nettverkskommunikasjon og grafisk grensesnitt. Utvikling frå problem til program og krav til gode program blir vektlagt.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar og dataøvingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal ha grunnlag for å lage strukturerte dataprogram og bruke Java som programmeringsspråk til å løyse enkle oppgåver basert på problemstillingar frå ulike felt. Etter kurset skal studentane ha nådd eit nivå slik at dei kan bruke Java som verktøy i andre fag og sette seg inn i andre tilsvarande programmeringsspråk.

Studentane skal:
Kunne forstå grunnleggande terminologi i programmering
Kunne bruke datamaskin som verktøy i programmering
Kunne forstå og lage algoritmar
Kunne forstå vegen frå problem til program
Kunne forstå og lage strukturerte program
Kjenne til grunnleggande datatypar, datastrukturar, kommandoar i JAVA
Kjenne til ulike objekt, klassar, peikarar
Kjenne til filbehandling
Kjenne til SWING grafikkmiljø
Kjenne til grunnleggande kommunikasjon med socket eller seriell port
Kunne bruke programmering som hjelpeutstyr til andre fag.

Sluttvurdering

DA2-100 301 Mappe med 10 dataøvingar (vekt 40%)
DA2-100 302 Praktisk munnleg eksamen (vekt 60%). Hjelpemiddel: Ingen eigne. Blir gitt tilgang til datamaskin med JAVA miljø.
Begge deler må vere greidd for at emnet skal vere greidd

Pensum

Brunland, Hegna, Lingjærde og Maus: Rett på Java, Universitetsforlaget, siste utgåve.
Førelesingsdokumentasjon i Fronter.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
15.04.08

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.04

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
27.04.10