BØ2-300 Bedriftslære

Kode
BØ2-300

Norsk namn
Bedriftslære

Engelsk namn
Economics and Organisation Theory

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Samfunnsfagleg emne i ingeniørstudiet.


Semester
3. år, haustsemesteret



Forkunnskapar

 Ingen, utover opptakskrav

Innhald/oppbygging

 Bedriftsøkonomi: Kalkulasjon og lønsemdberekning, driftsrekneskap med avslutning og rekneskapsanalyse, finansrekneskap, investeringskalkylar og beslutningar, budsjettering, kostnad og inntektsanalyser.
 Organisasjon og leiing: Organisasjonsteori, forståing av ulike typar av organisasjonar, organisasjonskultur, læring i organisasjonar, kommunikasjon, organisasjon i møte og samspel med teknologi, etiske problemstillingar, ulike formar for leiing, motivasjon og leiarutvikling.

Undervisnings- og læringsformer

 Førelesingar og øvingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Emnet skal gje studenten grundig innføring i sentrale emne innan bedriftsøkonomi og organisasjon, slik at ein får forståing for dei økonomiske, organisatoriske og psykologiske sidene av ei bedrift. Studenten skal og kunne drøfte og vurdere problemstillingar og konsekvensar av planlagde vedtak innan desse felta.

Studentane skal:
Kjenne til ulike selskapsformer
Kjenne til ulike kostnadstypar, kunne periodisere, kunne sette opp avskrivingstablå
Kjenne til kostnadsforløp og kostnadsstruktur
Vite kva marketing mix er, kunne forklare dei 4 P’ane
Kunne sette opp sjølvkostkalkyle og bidragskalkyle
Kjenne til oppsett av finansrekneskap
Kunne analysere finansrekneskapet og finne nøkkelparametrar
Kunne vurdere investeringar ved å bruke pay-back, noverdi, internrente og annuitet

Kjenne til ulike motivasjonsteoriar
Kjenne til teoriar om emosjonar, sjølleiing og persepsjon
Kjenne til teoriar om personlegdom.
Kjenne til ulike teoriar om leiing
Kjenne til ulike teoriar om kompetanseendring, problemløysing, avgjerder, kreativitet, haldningar og gruppepsykologi

Arbeidskrav

 4 innleveringar.

Sluttvurdering

 Skriftleg eksamen, 5t. Hjelpemiddel: Ingen. Kalkulator: Enkel

Pensum

 Kaufmann, Geir & Astrid: Psykologi i organisasjon og ledelse, Fagbokforlaget, siste utgåve.
 Hoff, Kjell Gunnar: Bedriftens økonomi.Universitetsforlaget, siste utgåve.
 Kapittel 1, 2, 3, 4, 5, 6, 8, 10, 11, 12, 13 og 16 er pensum.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
13.08.08

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.04

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
05.05.10