Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / BI492 Bacheloroppgåve i landskapsplanlegging  

BI492 Bacheloroppgåve i landskapsplanlegging

Kode
BI492

Norsk namn
Bacheloroppgåve i landskapsplanlegging

Engelsk namn
Bachelor Thesis in Landscape Planning

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
20,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i Landskapsplanlegging.


Semester
Sommar, haust og vårsemester 3. studieår. Frist for val av emne 1. april i 4. semester.

Forkunnskapar

Krav for å ta til på bacheloroppgåve: Greidd 90 studiepoeng av bachelorstudiet i Landskapsplanlegging eller tilsvarande.

Læringsmål

Lære å arbeide sjølvstendig. Få trening i å finne fram og velje ut aktuelt stoff, til å kombinere resultat frå eigne granskingar med tidlegare arbeid, og til å trekkje slutningar.

Innhald/oppbygging

Oppgåva kan ha naturvitskapeleg eller planfagleg tema. Oppgåva må veljast innan fagfelt der ein har rettleiingskompetanse og -kapasitet ved AIN. Det er utarbeidd eigne retningsliner for bacheloroppgåver ved avdelinga.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er ønskjeleg at 2 - 3 studentar går saman om ei oppgåve.

Sluttvurdering

Bacheloroppgåve. Bokstavkarakter.