Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / BI445 Generell økologi  

BI445 Generell økologi

Kode
BI445

Norsk namn
Generell økologi

Engelsk namn
General Ecology

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogramma i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur og Fornybar energi

Semester
Vår, blokk 2

Innhald/oppbygging

Norske økosystem med hovudvekt på dei terrestriske. Terrestrisk faunistikk. Sporteikn. Næringsnett. Miljøfaktorar (abiotiske og biotiske). Jordsmonnet. Detrituskjeda. Evolusjon og tilpassing. Populasjonsøkologi og populasjonsdynamikk. Samfunnsøkologiske prosessar: Struktur og funksjon. Energistraum gjennom økosystem. Mineralsirkulasjon. Mennesket sin påverknad på økosystema.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, laboratoriearbeid, rapportskriving.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullføring av emnet skal studentane ha eit grunnlag i økologisk tenking med eit zoologisk utgangspunkt. Det inneber mellom anna forståing av samspel mellom organismar og miljø, samspel mellom ulike organismar, inkludert mennesket, og energistraumen. Studentane skal kunne forstå økologiske problemstillingar i konsekvensutgreiingar.

Ekskursjonar

Ein dagsekskursjon.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjent rapport frå labarbeid.

Deltaking på ekskursjon.

Sluttvurdering

BI445 Eksamen, skriftleg, 4 timar

Pensum

Bjerkely, H.J. 2008. Norske økosystemer – økologi og mangfold. Universitetsforlaget.

Campbell, N.A. & Reece, J.B. 2008: Biology. 8.utg. Pearsons / Benjamin Cummings. Kapittel 22-25, 52-56.

Hågvar, E.B. 2010. Det zoologiske mangfoldet. Dyregruppenes systematikk, bygning og levevis. Universitetsforlaget.

Aktuelle deler av dei einskilde lærebøkene vert oppgjeve ved kurstart.

Kopiar utdelt på forelesingane.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
30.03.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010