Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / BI436 Hage- og landskapsplanter  

BI436 Hage- og landskapsplanter

Kode
BI436

Norsk namn
Hage- og landskapsplanter

Engelsk namn
Garden and Landscape Plants

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Semester
Vår blokk 3

Forkunnskapar

BI 424 Botanikk grunnkurs

Innhald/oppbygging

Kjenneteikn på familiar og artar av vanlege lignoser, stauder og sommarblomar som er dyrka i hagar og grøntanlegg i Norge, og viltveksande tre, busker og karplanter som kan vere eigna for hagar og parkar. Kjennskap til dei klimatiske og økologiske krava til veksestaden og viktige bruksområde. Historiske hageanlegg, plantearven og grunnprinsipp for anlegging av hagar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar, ekskursjonar, prosjektoppgåve

Kompetanse/læringsutbyte

Etter gjennomført kurs skal studentene kjenne til dei viktigaste plantene som vert brukt i hage- og grøntanlegg i Norge. Dei skal kunne gjennomføre oppmåling, kartlegging og oppteikning av ein hage eller eit grøntanlegg, og kunne vurdere aktuell grønstruktur m.o.t. plantene sine bruksområde og kunne foreslå forbetringstiltak.

Ekskursjonar

Ein dagsekskursjon og tre halvdagsekskursjonar til private hagar, planteskular, arboret, parkar og eventuelt botaniske hagar.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

BI436 001 Prosjektoppgåve i grupper som skal telle 50% av eksamen.
BI436 002 Artsprøve 1t som skal telle 50% av karakteren.
Bokstavkarakter

(Endra ved dekanvedtak 31.03.2011)

Pensum

Hageselskapet 2006. Hageselskapets sortsliste. 2000 planteslag for nordiske forhold presentert i tabellform. 10. utgave. Det norske hageselskap, Oslo.
Hansen, E. og Hansen, O.B. 2007. Trær og busker for norske hager. 4. utgave.Tun forlag, Oslo
Månsson, L. & Johanson, B.K. 2002. Gyldendals bok om stauder. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo
Måren, I. 2007. Fra prestegårdshage til arboret: Lunde arboret i Balestrand. Årringen - Årsskrift for Arboretet og Botanisk hage, Milde, Bergen museum - Universitetet i Bergen. 11: 73-88.

Med atterhald om endringar.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
12.04.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
31.03.2011