Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / BI435 Landskapsøkologi  

BI435 Landskapsøkologi

Kode
BI435

Norsk namn
Landskapsøkologi

Engelsk namn
Landscape Ecology

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Semester
Haust blokk 3

Forkunnskapar

Ingen formelle, men ei føremon med kunnskap i økologi og landskapsanalyse.

Innhald/oppbygging

Kva er landskapsøkologi? Historisk bakgrunn. Landskapsstruktur og dynamikk. Landskapselement. Analyse av romlege strukturar, slike som heterogenitet, fragmentering og konnektivitet. Metapopulasjonsomgrepet. Landskapsdynamikk og populasjonsdynamikk. Biodiversitet i landskapet, med spesiell vekt på kulturlandskap. Analyse av kulturlandskapet sin diversitet og historie. Korleis nytte landskapsøkologien i landskapsforvaltning.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, kollokvium, prosjektoppgåve (grupper), presentasjon av prosjektoppgåve.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane:
- Ha kunnskap om landskapsmønster, på kva skala dei opptrer, og kva prosessar som er med på å forme dei.
- Ha innsikt i enkle metodar for å kvantifisere landskapsmønster.
- Ha forståing av korleis landskapsøkologi kan brukast i forvaltninga av landskap.
- Beherske det teoretiske stoffet som emnet inneheld.
- Kunne gjennomføre eit prosjekt der dei utfører ei landskapsøkologisk kartlegging og vurdering av eit utvalt område.

Ekskursjonar

Feltarbeid i samband med prosjektoppgåva.

Arbeidskrav

Gjennomført framføring av prosjektoppgåve.

Sluttvurdering

BI435 101Skriftleg eksamen, 4 timar (75%)
BI435 102 Prosjektoppgåve (25%).
Bokstavkarakter.

Pensum

Turner, M. G., R. H. Gardner, and R. V. O'Neil. 2001. Landscape ecology in theory and practice: pattern and process. Springer, New York .

I tillegg kjem litteratur som vert delt ut på førelesingane.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
21.04.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
21.04.2010