Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / BI434 Vegetasjonsøkologi  

BI434 Vegetasjonsøkologi

Kode
BI434

Norsk namn
Vegetasjonsøkologi

Engelsk namn
Vegetation Ecology

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur.

Semester
Vår blokk 3

Forkunnskapar

Emnet byggjer på BI424 Botanikk grunnkurs, og det er ei føremon med kunnskap i statistikk.

Innhald/oppbygging

Emnet gjev ei innføring i teori og metodar - mellom anna for datainnsamling, gradientanalyse og korrelasjonsanalyse- for omtale av og forståing av vegetasjonen si utbreiing regionalt og lokalt. Det vert spesielt fokusert på kva for lokale gradientar som er dei viktigaste for å forklare variasjonen i vegetasjonen i ulike økosystem i Norge.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid og feltundervisning.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane:
- Ha innsikt i planter sine grunnleggande krav.
- Ha innsikt i korleis ein samlar inn og analyserer vegetasjonsøkologiske data.
- Ha tilstrekkeleg bakgrunn i teori og metodar innafor fagområdet, slik at dei sjølve kan gjennomføre innsamling av vegetasjonsøkologiske data og gjere enkle analysar.
- Ha kunnskap om dei faktorane som er årsak til den regionale vegetasjonsvariasjonen i Norge og den lokale vegetasjonsvariasjonen i utvalde norske økosystem.

Ekskursjonar

Obligatoriske ekskursjonar på forsommaren, i alt 4 dagar, 2 med overnatting.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjend gruppepresentasjon.

Deltaking i obligatoriske ekskursjonar.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen 4 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Utvald litteratur vert lagt ut på fronter og / eller delast ut på første forelesning.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
12.04.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010