Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / BI424 Botanikk grunnkurs  

BI424 Botanikk grunnkurs

Kode
BI424

Norsk namn
Botanikk grunnkurs

Engelsk namn
Introduction to Botany

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk i bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur


Semester
Haust blokk 1

Innhald/oppbygging

Systematikk og evolusjonær utvikling hos planter, protistar og sopp, og slektskap mellom desse gruppene. Morfologi, reproduksjon, livssyklusar og livsformer. Innføring i floristikk: ca. 400 taxa (artar, slekt, familiar) og bruk av floranøklar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, feltundervisning, laboratorieøvingar

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane:
Ha innsikt i teoriar om korleis livet oppstod på jorda og korleis evolusjonen har skjedd.
Ha kunnskap om livssyklusar og kva tilpassingar ulike organismegrupper har utvikla for eit liv på land.
Ha kunnskap om kva som kjenneteiknar dei 20-25 viktigaste plantefamiliane av frøplanter, og ha kjennskap til eit utval artar av dei viktigaste frøplantene, karsporeplantene, mosane, soppar, lav og algar.

Ekskursjonar

Ein heildags og sju halvdagsekskursjonar.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Deltaking på ekskursjonar og godkjent laboratoriejournal

Sluttvurdering

BI424 001 Skriftleg eksamen, 4 timar, 67%
BI424 002 Artsprøve, 33%

Pensum

Brysting, A. & Norddal, I. 2006. BI 424 Botanikk grunnkurs: (Dekkfrøete planter (blomsterplanter)). Kompendium, UiO
Campbell, N.A. & Reece, J.B. 2008. Biology. 8th. ed. Pearson, San Fransisco.
Mossberg, B. & Stenberg, L. 2007. Gyldendals store nordiske flora. 2. Utgave. Gyldendal norsk forlag as, Oslo

Med atterhald om endringar.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
12.04.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010