Skuleleiing

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Skuleleiing

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
45

Organisering
Skuleleiing er eit desentralisert og delvis nettbasert deltidsstudium for tilsette i Bergen kommune. Tilbodet er eit samarbeid mellom Avdeling for økonomi, leiing og reiseliv og Avdeling for lærarutdanning og idrett, begge HSF

Organisering 2
Desentralisert (utanfor Sogndal, Førde, Sandane) / Off Campus

Normert studietid
Studiet går over tre semester frå og med våren 2011 til og med våren 2012

Innleiing

Studiet er ei leiarutdanning med deltakarar frå skulane i Bergen kommune. Det vil bli lagt stor vekt på tilrådingane i Stortingsmelding nr 31 (2007-2008) Kvalitet i Skolen. Studiet vektlegg skuleleiaren som fagleg leiar, samtidig som leiaren sitt arbeid med kvalitetsoppfølging står sentralt. Programmet skal vere med på å styrke Bergen kommune som skuleeigar dei komande åra.

Studieopplegget har nær tilknyting til faglege og organisatoriske utfordringar i skulen. Gjennom studiemodulane vil deltakarane arbeide både teoretisk og praktisk med problemstillingar som er aktuelle ved eigen arbeidsplass i Bergen kommune.

I studiet inngår eit eige lokalbasert utviklingsprosjekt som det blir arbeidd med teoretisk og praktisk gjennom heile programmet. På samlingane vil ein knyte teoretiske innfallsvinklar og arbeid i basisgrupper til det lokale utviklingsprosjektet til kvar deltakar.

Målgruppe

Avdelingsleiarar i skular drivne av Bergen kommune.

Opptakskrav
  • Avslutta grunnutdanning (allmenn- og førskulelærar)
  • Andre relevante fagkombinasjonar på bachelor, cand. mag. eller tilsvarande nivå
Læringsmål

Hovudmålet for studiet er å kvalifisere personar med profesjonsutdanning og yrkeserfaring til administrative stillingar og leiarstillingar innan utdanningssektoren.

Studiet legg vekt på skuleleiaren som fagleg leiar, samtidig som leiaren sitt arbeid med kvalitetsoppfølging står sentralt.

Innhald / oppbygging

Studiet er lagt opp som deltidsstudium med halv fart i forhold til eit fulltidstudium, og består av fire emne. Emna går normalt i følgjande rekkefølgje:

Semester 1 Framtidas leiarar innan utdanning og oppvekst (15 studiepoeng)

Semester 2 Skuleleiarens forvaltningsrolle, delt i ein juridisk og ein økonomisk del, kvar på 7,5 studiepoeng

Semester 3 Skuleleiaren som pedagogisk leiar (15 studiepoeng)

Deltakarane skal på første samling klårgjere grunnlaget for eit eige lokalbasert utviklingsprosjekt som det blir arbeidd med teoretisk og praktisk gjennom heile studiet. Utviklingsprosjektet er ein del av dei obligatoriske arbeidskrava i modulane som inngår i studieprogrammet.

Kvart emne vert avslutta med ei sluttvurdering.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er bygt opp rundt studiesamlingar og arbeid mellom samlingane.

På samlingane vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer som casedrøftingar, øvingar og prosjektseminar med drøftingar av eige og andres prosjekt. På samlingane vil vi også legge opp til at dei ulike basisgruppene kan lære av kvarandre gjennom presentasjonar og diskusjonar. Arbeidet med dei praktiske utviklingsprosjekta aukar overføringsverdien av programmet til deltakarane sin kvardagssituasjon.

Studieprogrammet blir basert på studentaktive læringsformer gjennom bruk av basisgrupper og elektronisk læringsplattform. Arbeid gjennom elektronisk plattform legg til rette for at læringsprosessane går mellom samlingane gjennom internettkontakt med eiga basisgruppe og fagleg rettleiar på HSF.

Studiet stiller krav om sjølvstendig pensumgjennomgang, ansvar for eiga læring mellom samlingane og aktiv tilnærming til dei problemstillingar studentane vert presenterte for.

I kvart emne er det venta at studentane sjølve arbeider med tekstar som på ulike måtar bidreg til innlæring av fagstoff. Studentane får tilbod om, og har krav på, rettleiing individuelt eller i grupper, i utforming av tekstane.

Læringsutbyte

Etter avslutta studium skal studentane ha tileigna seg generelle og sektorspesifikke kunnskapar og ferdigheiter innan organisasjon, leiing, jus og økonomi som skal danne grunnlag for å kunne utøve profesjonelt leiarskap i utdanningsinstitusjonar. Det betyr at dei skal ha skaffa seg avanserte kunnskapar om leiing av kunnskapsorganisasjonar og om korleis moderne skuleleiing kan føregå innanfor ramma av lovverk og økonomiske prioriteringar.

Studentane skal vidare kunne gjere analysar på grunnlag av eksisterande teoriar på dei nemnde fagområda, og kunne arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing.

Dei skal dessutan kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar på desse områda, både med spesialistar og med administrativ og politisk leiing i kommunen.

Læringsutbytet er elles vidare konkretisert i den enkelte emneomtale.

Praksis

Det inngår ikkje praksis i studiet

Studieopphald i utlandet

Det er ikkje lagt opp til studieopphald i utlandet.

Arbeidskrav

Går fram av den enkelte emneomtale.

Sluttvurdering

Går fram av den enkelte emneomtale.

Pensum

Går fram av den enkelte emneomtale.

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
05.03.2009

Sist revidert av
Dekan ved AØR

Sist revidert dato
29.11. 2010

Emneoversikt
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
OR6-402 Framtidas leiarar innan utdanning og
oppvekst
15,00 O   15    
JU6-500 Skuleleiarens forvaltningsrolle -
juridisk perspektiv
7,50 O     7,5  
SØ6-500 Skuleleiarens forvaltningsrolle -
økonomisk perspektiv
7,50 O     7,5  
SA6-500 Skuleleiaren som pedagogisk leiar 15,00 O       15
Sum: 0 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne