Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / Engelsk 1 for lærarar på ungdomstrinnet  

Engelsk 1 for lærarar på ungdomstrinnet

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Engelsk 1 for lærarar på ungdomstrinnet

Engelsk namn
English for teachers at the lower secondary school

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
30

Organisering
Deltid. Samlingsbasert med nettstøtte. Det vil bli 4 samlingar i haustsemesteret til saman 10 dagar, og 4 samlingar til saman 8 dagar pluss studietur i vårsemesteret.

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Innleiing

Studiet er definert som Engelsk 1 og er ein del av vidareutdanningstilbodet til lærarar på ungdomstrinnet gjennom Kompetanse for kvalitet finansiert av Kunnskapsdepartementet. Studiet vert organisert via HSF oppdrag.

Målgruppe

Målgruppa er lærarar som har arbeid som engelsklærarar i ungdomsskulen/mellomtrinnet, men som ikkje har utdanning i engelsk frå høgskule eller universitet.

Opptakskrav

Søkjarar må ha godkjend lærarutdanning og ha stilling som lærar på ungdomstrinnet/mellomtrinnet.

Innhald / oppbygging

Studiet er delt inn i 2 emne, kvar på 15 studiepoeng med avsluttande eksamen. Engelsk vil bli brukt som arbeidsspråk i heile kurset. Det vil vera ein didaktisk vinkling på all undervisning samstundes som det vert lagt vekt på å utvikla deltakarane sin eigen språkkompetanse. IKT står sentralt i studiet, og kommunikasjon utanom samlingane vil gå føre seg ved hjelp av Internett. På samlingane vil ein spesielt bruka tid til å øva opp munnleg eigendugleik og diskutera og demonstrera elevaktive læringsformer og førelesa over litteraturfaglege emne og engelsk språkbruk. Det vil bli tilbod om eit studieopphald ved Det Norske Studiesenteret, University of York, i Storbritannia i 2 veker våren 2011.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er samlingsbasert og nettstøtta. På samlingane vil det bli ein kombinasjon av førelesingar om språk, litteratur og kulturkunnskap og øving i munnleg engelsk. Studentane må disponera datamaskin med nettilkobling. Mellom samlingane skjer undervisninga ved hjelp av Fronter. Studenten skal vera i prosess gjennom heile studiet og skal levera inn tekstar for å få tilbakemelding på språk, struktur og innhald. Studentane kan arbeida individuelt og i grupper på nettet. Det blir lagt vekt på å skapa eit læringsmiljø der studentane samhandlar aktivt.

Læringsutbyte

Etter å ha teke dette emnet skal studentane

  • ha grunnleggjande kunnskap om lydsystemet i engelsk, ordtilfanget og den  grammatiske strukturen i engelsk  samt innsikt i kulturelle konvensjonar for språkbruk
  • ha kunnskap om engelsk som verdsspråk
  • ha innsikt i arbeidet med å vidareutvikla dei grunnleggjande ferdigheitane
  • ha kunnskap om barn og unges språklæring i et andrespråksperspektiv, språklæringsteoriar, strategiar, metodar, vurderingsverktøy og vurderingsformer som fremjar språkutvikling
  • ha kjennskap til læreplan for engelskfaget i skolen og tilhøvet  til det europeiske rammeverket for språk
  • ha kjennskap til eit vidt spekter av lærebøker og andre læringsressursar som kan brukast  i opplæringa
  • ha kjennskap til  korleis  ein kan tilpasse språkopplæringa  til den enkelte elev
  • ha kunnskap om samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i engelsktalande land
  • ha kjennskap til sjanger og deira sentrale kjenneteikn, samt normer for akademisk tekstproduksjon, ansvarlig kjeldebruk
  • ha kunnskap om ulike læringsarenaer, eksempelvis digitale media, i opplæringa for barn og unge
Praksis

Det skal vera praksis i form av eit utviklingsarbeid i eigen klasse i emne 2. Denne skal dokumenterast gjennom ein rapport.

Studieopphald i utlandet

Det vil bli tilbod om eit opphald ved det Norske Studiesenteret i York i veke 14 og 15.

Arbeidskrav

Obligatorisk deltakling på samlingane. I studiet er det eit visst tal arbeidskrav som må vera godkjende for at studentane får melda seg opp til eksamen. Studenten må levera inn arbeidskrav for å få dei godkjende innafor gitte fristar. Fristar for desse oppgåvene vert fastsette etter kvart. Omtalen av arbeidskrava kan ein finna under emna.

Sluttvurdering

Vurderingsordninga er mappevurdering, eksamen i språk og didaktikk og eksamen i munnleg bruk av engelsk. Vurderingskrava går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Sist revidert av
Bjørn Sørheim

Sist revidert dato
20.05.09

Engelsk 1 for ungdomstrinnet
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
EN658 Engelsk språk og ungdomslitteratur 15,00 O 15  
EN657 Engelsk språk, litteratur og
kulturstudier
15,00 O   15
Sum: 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne