Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / Turisme og reiseliv, bachelorstudium  

Turisme og reiseliv, bachelorstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Turisme og reiseliv, bachelorstudium

Engelsk namn
Tourism

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
180

Organisering
Studiet er organisert som eit heiltidsstudium over tre år (6 semester).100 studie-poeng i dei fire første semestera er såleis obligatoriske emne, medan 80 studiepoeng i siste delen av studiet er fordjupings- og valemne. Privatistar kan ta einskilde emne, men fleire av emna er lagt opp med obligatorisk deltaking i til dels omfattande øvingsprogram.

Studiet startar første gong opp hausten -06.

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
Tre år

Innleiing

Kompetansebehovet i reiselivsnæringa er knytt til utvikling, leiing og drift innan:

·Overnattings- og serveringsbransjen

·Transportsektoren

·Aktivitets-, opplevings- og attraksjonsføretak

·Reiselivsorganisasjonar og reisemålsselskap

·Offentlig sektor og verkemiddelapparatet

Det vil alltid vil vera behov for økonomisk/administrativ/marknadsførings- og leiarkompetanse i reiselivet. I tillegg vil det vera eit aukande behov for kunnskap knytt til produktutvikling og tilrettelegging av opplevingsproduktet. Stortingsmelding nr. 15 (1999-2000) om reiseliv peikar på produkt- ogreisemålsutvikling, internasjonal profilering og merkevarebygging av Noreg, effektiv bruk av ny informasjonsteknologi, kompetanseheving og miljøtilpassing som sentrale område for framtidsretta verdiskaping i reiselivsnæringa. Innovasjon Norge vektlegg naturbaserte opplevingar og geoturisme (turisme som tek vare på, styrkjer og framhever ein stads lokale eigenart) som det komande fokus for utvikling og marknadsføring av reiselivet i Noreg.

HSF tilbyr to fordjupingsretningar i turisme og reiseliv: 1) marknadsføring og kundekontakt (45 studiepoeng.) og 2) opplevingsturisme (55 studiepoeng).

1) Marknadsføring og kundekontakt (45 studiepoeng.)

Med fordjupingsretninga marknadsføring og kundekontakt tek HSF sikte på å tilby ei marknadsføringsspesialisering for reiselivet som legg vekt på samanhengen mellom bruk av marknads- og produktanalysar for tilråding av marknads- og produkt-utviklingstiltak, strategisk marknadsplanlegging, sikring av servicekvalitet og bruk av ulike sals- og kommunikasjonsteknikkar i marknadsarbeidet. Marknadsføring i nye media, relasjonsmarknadsføring og bruk av informasjonsteknologi i marknadsføring og kommunikasjon er integrert i studiet.

2) Opplevingsturisme (55 studiepoeng).

Fordjupingsretninga opplevingsturisme vektlegg samanhengen mellom marknadskunnskap, marknadsbasert produktutvikling, bruk av natur- og kulturressursar i reiselivet,attraksjonsutviklings- og produktutviklingskunnskap saman med evna til verdiskaping og formidling.Studiet har fokus på marknads-orientering og berekraftig produktutvikling knytt til dei norske natur- og kulturressursane i reiselivssamanheng, spesielt fjord-Norge og vestlandskysten, kopla med internasjonale element og case-døme.

Dei siste 10/20 studiepoenga kan studentane velje fritt blant ei rekke valemne. Eit vanleg studium vil sjå ut som fylgjer:

1. semester

2. semester

3. semester

4. semester

5. semester

6. semester

 

Obligatoriske emne 90

Obligatoriske emne 10

Fordjupings-emne 10/20

Fordjupings-emne 15

Prosjekt-

oppgåve 15

 
 

Fordjupings-emne 20

 
 

Valemne 20/10

 
 

Med ei utdanning innan fordjupingsretningane i marknadsføring og kundekontakt eller opplevingsturisme vil ein, spesielt med noko relevant praksis, mellom anna kunne få jobb knytt til:

·Marknads- og salsansvar i små/mellomstore reiselivsføretak, organisasjonarog reisemålsselskap

·Utvikling, tilrettelegging eller rådgiving knytt til natur- og kulturbaserte aktivitets- og opplevingsprodukt innafor reiselivet

·Mellomleiar, avdelingsleiar eller anna administrativt ansvarsnivå i små/mellomstore reiselivsføretak, reisemålsselskap og -organisasjonar

·Konsulent/rådgjevar/assistent knytt til private selskap, offentleg sektor eller eige føretak som arbeider med reiseliv

Målgruppe

Studiet høver for studentar som ynskjer ei praktisk og fagleg retta reiselivsutdanning med fordjuping og utvikling av kompetanse for arbeid knytt til marknadsførings- og kommunikasjonsoppgåver i reiselivet eller utvikling og tilrettelegging avnatur- og kulturbasert aktivitets- og opplevingsturisme.

Opptakskrav

Opptakskravet til bachelorstudiet i turisme og reiseliv er generell studiekompetanse/ realkompetanse.

Læringsmål

Studiet tek sikte på å utvikle studentane sine praktiske og faglege føresetnader for arbeid innafor reiselivet med vekt på emna i dei to fordjupingsretningane opplevings-turisme og marknadsføring og kundekontakt. Studiet legg spesielt vekt på utvikling av studentane si evne til strategisk, marknadsorientert tenking knytt til verdiskaping, ny-tenking og kreativitet for å kunne løyse framtidige utfordringar i reiselivet. Eit viktig mål med studiet er også å skape eit godt og breitt grunnlag for seinare læring og framgang, både i vidare studiar og i arbeidslivet.Eige samarbeidsforum med reiselivsnæringa og kontinuerlig nettverksbygging med relevante aktørar i bransjen skal syte for oppdatert kunnskap og formell kontakt med næringen for studentane og fagmiljøet ved skulen. Bruk av ekskursjonar, bedriftsbesøk, gjesteforelesarar frå næringa og relevante case og døme frå bransjen i undervisninga er i tillegg til praksisordingar med på å underbygge målet om ei praktisk retta reiselivsutdanning.

Innhald / oppbygging

Reiselivsstudiet er sett saman av obligatoriske reiselivsemne, spesialiserte fordjupingsemne i reiseliv og økonomisk/ administrative emne. Studiet tek utgangspunkt i særdraga ved reiselivsnæringa med tilhøyrande bransjetilpassing av kunnskap, teoriar og metodar i studiet. Dette krev at ein set seg inn i dei særeigne marknads-tilhøva, arbeidsvilkåra og arbeidsmetodane som pregar reiselivet. Studiet tek sikte på å utvikle evne til å bruke fagkunnskap i konkrete, realistiske og samansette arbeids-situasjonar. I studiet vert det lagt vekt på å tilpasse fag til bransjespesifikke tilhøve, slik at studentane får høve til å utvikle eigne evner til å bruke fagkompetansen knytt til konkrete bransjespesifikke spørsmål.

Studiet er bygd opp med tanke på fagleg progresjon der ein dei tre fyrste 3 semestra startar med emne innan grunnleggande reiselivskunnskap, marknadsføringsfag og emne frå bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. I desse emna skal studentane sikrast tilstrekkeleg basiskompetanse for vidare studium og seinare praksis . Vidare er det lagt opp til fordjupingsemne og fordjuping dei 3 siste semestra der ein vel mellom to spesialiserte, reiselivsfaglege fordjupingsretningar: marknadsføring og kundekontakt eller opplevingsturisme. I tillegg kan studentar som ynskjer det setja saman ein fri bachelor i turisme og reiseliv ved å velje fag frå dei to fordjupings-retningane og andre studium 4. – 6. semester

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsforma i studiet vil variere. I emna innan økonomi og administrasjon vert det nytta førelesingar, gruppearbeid og løysing av oppgåver individuelt og i grupper. I den reiselivsorienterte delen av studiet vert det lagt opp til rettleia problemorientert arbeid i grupper, med skriftleg rapportering og grundig vurdering. Her står døme-(case-) studium sentralt. Med case-studium forstår vi studiar-/gransking/drøfting og framlegg til utvikling av situasjonen for konkrete område eller bedrifter, eller studiar av aktuelle tema. Vi søkjer læring gjennom studiar av praksis. Nokre arbeid kan gå over lang tid (fleire veker), medan andre berre tek nokre dagar. Studentane sitt arbeid vekslar mellom førelesingar, litteratur-studium, kartleggingsarbeid, gruppe-diskusjonar og skriftleg rapportering. Innhaldet, problemfokuseringa og fag-prioriteringa heng nøye saman med kva døme som blir tekne opp. Desse kan variere frå eitt år til det neste.

Vidare vil ekskursjonar, bedriftsbesøk, gjesteforelesarar frå reiselivsnæringa og kontakt med reiselivsaktørar knytt til skriving av oppgåver og løysing av case gje studentane trening i løysing av reelle utfordringar innafor reiselivet. I fordjupings-retninga Opplevingsturisme er det lagt opp til praktisk læring i natur- og kulturlandskapet med utstrakt bruk av turar, ekskursjonar og aktivitetar i naturen. Studentar som vel denne fordjupinga må være førebudd på at deler av undervisninga blir gjennomført ute i natur- og kulturlandskapet knytt til 3-5 dagars turar og ekskursjonar med overnatting.

Praksis

Studentane kan velje praksisopphald ved ei reiselivsverksemd i 5.semester. Målet med slik praksis er at studenten gjennom praktisk arbeid skal verte kjend med emne knytt til den valde fordjupingsretninga. Arbeidsoppgåvene skal stå i forhold til den kompetansen studenten har, og kan vere knytt til både daglege arbeidsoppgåver i verksemda eller til gjennomføring av særskilde prosjekt. HSF vil gjere avtalar med reiselivsverksemder om praksisplass. I tillegg kan studentane sjølv skaffe relevante praksisplassar som må godkjennast av HSF. Det vil også vera mogleg å ta praksis-opphald i utlandet. Det må gjerast avtale om innhald og opplegg for eit praksis-opphald på førehand.Det vil verta utarbeidd nærare reglar som gjeld for praksisopphald.

Studieopphald i utlandet

Målet med dette tilbodet er å gi studentane internasjonal kunnskap og erfaring knytt til den valde fordjupingsretninga og studiesituasjonen. Studentar kan og få høve til å ta fordjupingsemne som HSF ikkje kan tilby, og såleis spisse utdanninga si. Tilbod om utanlandsstudium er lagt til 5. semester. Høgskulen har avtalar med fleire institusjonar som har fag som kan inngå i fordjupingsretningane. Studieopphaldet må godkjennast av HSF på førehand, og avlagde eksamenar vert innpassa i utdanninga

Arbeidskrav

Det er lagt opp til innlevering av obligatoriske gruppeoppgåver og arbeidskrav i fleire av emna. Sjå omtale av dei einskilde emna.

Ekskursjonar:

Studiet omfattar fleire ekskursjonar og bedriftsbesøk med obligatorisk deltaking. Dei to hovudekskursjonane er obligatoriske, og lagt til 1. og 4. semester. Ekskursjonen i 1. semester varer i 1 - 3 dagar, og 4 – 10 dagar i 4. semester. Turane gåt til sentrale norske og/eller utanlandske reisemål for studiar av ulike reiselivsprodukt, tema og reisemål. I samband med ekskursjonar/ feltundervisning må studentar ved HSF vere budde på å betale ein eigendel for reise og opphald. Sjå HSF sitt felles reglement for dekking av bu- og reiseutgifter til studentane: http://www.hisf.no/studadm/reglement/bureiseutgifter

Sluttvurdering

Det er søkt å finne vurderingsformer som er tilpassa studieopplegget, arbeids-formene og læremåla. Dei økonomisk- administrative emna vert i stor grad vurdert med skuleeksamen over 4-6 timar. Emna innan reiseliv har varierte vurderings-ordningar med innslag av heimeeksamen/oppgåver i grupper og individuelt, og skuleeksamen.

Pensum

Sjå omtale av dei einskilde emna.

Godkjent av
Høgskulestyret

Godkjent dato
08.05.2003

Sist revidert av
Rektorvedtak

Sist revidert dato
Juni 2006

Studieplanrevisjon for kull 2008 - frå Bachelor i turisme og reiseliv til Bachelor i reiselivsledelse

Bachelor i turisme og reiseliv for kull 2008 vart endra ved dekanvedtak 07.05.09. Studieplanen er tilpassa den nye planen for bacehlor i reiselivsledelse. Studentar som fullfører får tildelt vitnemål for bachelor i reiselivsledelse. Endringane i studieplanen går fram av tabellen nedanfor.

Ståle Brandshaug

Studieleiar reiseliv

12.08.09


Emner, Bachelor i reiselivsledelse, kull 2008
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
RE6-207 Tenestemarknadsføring 10,00 O         10  
RE6-205 Bygdeturisme 10,00 V         10  
RE6-308 Naturbasert turisme 10,00 V         10  
ME6-200 Samfunnsvitskapleg metode og statistikk 10,00 O         10  
RE6-209 Serviceledelse 10,00 O         10  
RE694 Bacheloroppgåve i reiseliv 20,00 O           20
Sum: 0 0 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne