Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / Bedriftsøkonomi årsstudium  

Bedriftsøkonomi årsstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Bedriftsøkonomi årsstudium

Engelsk namn
Business Administration (one-year programme)

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
60

Organisering
Heiltidsstudium

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
Eitt år (to semester)

Innleiing

Studiet skal gi studentane ei grunnleggjande innføring i fagområda økonomi og administrasjon. I løpet av studiet skal studentane få ei forståing av korleis organisasjonar og marknaden fungerer. Studentane skal jobbe med grunnleggande problemstillingar knytte til fagområda bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi, organisasjonskunnskap og marknadsstrategi. I studiet legg ein vekt på at studentane skal få jobbe med problemstillingar som er aktuelle og relevante for dagens organisasjonar. Studentane skal lære kva metodar, litteratur og verktøy som kan nyttast for å løyse desse problemstillingane. Vidare skal studentane også lærast opp til å bruke dei kunnskapane, metodane og verktøya som dei tileignar seg, på ein kritisk måte.

Kvalitetssikring

Studiet vert kvalitetssikra i samsvar med høgskulen sitt kvalitetssystem. Emna i studiet tek utgangspunkt i dei tilrådingane som Nasjonal råd for økonomisk-administrative utdanningar gir til bachelorstudium i økonomi og administrasjon.

Målgruppe

Årsstudiet passar spesielt godt for dei som har ein annan fagleg bakgrunn og som i yrkessamanheng treng grunnleggjande kunnskapar innanfor økonomi og administrasjon.

Studiet passar også godt for studentar med generell studiekompetanse, eller realkompetanse, som er interesserte i å lære meir om korleis organisasjonar fungerer og kva økonomiske analysar som ligg til grunn for mange av dei avgjerslene som organisasjonar tek.

Opptakskrav

Opptakskravet til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Det er likevel ein fordel å ha matematikk- kunnskapar tilsvarande Matematikk R1 eller Matematikk S1+S2(eventuelt 2MX, 2MY eller 3MZ). For dei som ikkje har slik kunnskap, arrangerer høgskulen forkurs i matematikk. Forkurset i matematikk tek til i oppstartveka. Alle som har svakare bakgrunn enn 2MS/2MN og 2MX/2MY bør følgja dette kurset. Vi vil understreka at fleire obligatoriske emne i studiet set som vilkår at innhaldet i forkurset er kjent.

Innhald / oppbygging

Studiet gir deg ei grunnleggjande innføring i fagområda økonomi og administrasjon og er sett saman av seks obligatoriske emne, fordelt over to semester. Kvart emne vert avslutta med eksamen og har studiepoeng etter arbeidsmengd.

Innanfor det økonomiske fagområdet startar ein med ei innføring i dei grunnleggjande mattematiske metodane studentane må kunne for å gjennomføre dei økonomiske analysane ein skal ha i dette studiet (og også for seinare økonomiske studium). Det vert også ei innføring i grunnleggjande bedriftsøkonomisk analyse og rekneskap det første semesteret. Her lærer studentane å gjennomføre enkle økonomiske analysar som kan vere nyttige for ulike organisasjonar. Det andre semesteret har ein også to emne innanfor det økonomiske fagområdet; desse er finansrekneskap med analyse og samfunnsøkonomi. I det første emnet lærer studentane blant anna korleis rekneskapen skal førast og ulike analysar som er nyttige for å vurdere organisasjonen sin økonomiske og finansielle styrke. I det andre emnet kan ein blant anna lære korleis konjunktursvingingar kan påverke organisasjonar og korleis styresmaktene kan påverke det økonomiske aktivitetsnivået.

Innanfor det administrative fagområdet er det to emne, eitt emne for kvart semester. Det første semesteret vert det ei innføring i organisasjonskunnskap. I dette emnet lærer studentane korleis organisasjonar fungerer og ser på ulike organisatoriske problemstillingar. Andre semester vert det ei innføring i marknadsføring. Her vil studentane blant anna lære korleis organisasjonar kan jobbe systematisk med marknadsstrategiar for å auke kunnskapen om organisasjonen, betre omdømmet og auke omsetninga.

Kjeldekompetanse

Ved studiestart får studentane ei innføring i bruk av biblioteket

Forskingsbasert undervisning

Studentane skal i løpet av studiet gjerast kjende med dei formelle og tekniske krava som vert stilte til mindre fagoppgåver. Studentane skal også bli kjende med høgskulen sine  retningslinjer knytte til sitering og etikk.

Digital kompetanse

I løpet av studiet skal studentane få innsikt i nokre av dei mest grunnleggjande verktøya som tekstbehandling, rekneark og nokre sosiale medium som blant anna internettleksikon (wiki). Verktøya vert nytta til å gjere økonomiske analysar, skrive oppgåver og oppnå betre læring. Målet er å gi studentane innsikt i kva verktøy ein minimum må meistre i dagens organisasjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vekslar mellom førelesingar, gruppeøvingar og organiserte kollokviegrupper med rettleiar. Problembasert læring med vekt på oppgåver som er aktuelle og relevante for dagens organisasjonar står sentralt i studiet si undervisning og læringsform. I studiet legg ein vekt på å lære studentane opp til å jobbe sjølvstendig både med individuelt arbeid og gruppearbeid. Det er nødvendig med eit stort innslag av sjølvstudium på årsstudiet i bedriftsøkonomi. Studentane må rekne med å nytte 40 timar i veka til forelesingar, gruppearbeid og sjølvstudium. Høgskulen si læringsplattform, Fronter, vert nytta som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet. Studentane kan nytte datalabbane i høgskulen sine lokale for å få tilgang til dei digitale verktøya dei treng på studiet; dei får også tildelt ein e-postkonto ved høgskulen. Fellesinformasjon vert lagt ut på Fronter, eventuelt sendt til e-postkontoen dei har fått av høgskulen.

Læringsutbyte

 Studentane skal:

  • Ha grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter i bedriftsøkonomi, rekneskap, samfunnsøkonomi, organisasjonskunnskap og marknadsstrategi
  • Ha ferdigheiter og kunnskapar til å vurdere bedriftsøkonomiske og samfunnsøkonomiske konsekvensar som visse avgjerder og handlingar har
  • Kunne gjennomføre enkle analysar både i bedriftsøkonomi, rekneskap, samfunnsøkonomi, organisasjonskunnskap og marknadsføring, og dessutan utarbeide ein konsernrekneskap og lage ein enkel marknadsplan
  • Kunne drøfte problemstillingar knytte til dei ulike fagområda og komme med forslag til løysing
  • Kunne gjere greie for korleis organisasjonar fungerer, samspelet mellom organisasjon og omgjevnadene, organisasjonen sine viktigaste administrative oppgåver, kva informasjon og analysar organisasjonen treng for å ta strategiske avgjersler og samspelet mellom medlemmene i organisasjonen
  • Vere i stand til å studere vidare på bachelornivå
Arbeidskrav

Går fram av emneomtalane

Sluttvurdering

Går fram av emneomtalane

Pensum

Går fram av emneomtalane

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
02.05.2002

Sist revidert av
Veronika Trengereid

Sist revidert dato
10.04.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216164

Obligatoriske emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
MA6-100 Matematikk 10,00 O 10  
OR6-101 Organisasjonskunnskap 10,00 O 10  
BØ6-101 Innføring i rekneskap og
bedriftsøkonomi
10,00 O 10  
BØ6-102 Finansrekneskap med analyse 10,00 O   10
OR6-102 Marknadsføring 10,00 O   10
SØ6-101 Samfunnsøkonomi (makro) 10,00 O   10
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne