Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / Økonomi og administrasjon, bachelorstudium  

Økonomi og administrasjon, bachelorstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Økonomi og administrasjon, bachelorstudium

Engelsk namn
Bachelor of Business Administration

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
180

Organisering
Heiltidsstudium

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
Tre år (seks semester)

Innleiing

Studiet skal gi studentane ei grundig opplæring i fagområda økonomi og administrasjon med høve til spesialisering innanfor ei retning knytt til desse fagområda. I løpet av studiet skal studentane lære å analysere og vurdere ulike situasjonar som dagens organisasjonar står overfor. Dette kan vere situasjonar og utfordringar knytt til fallande omsetning, organisering av arbeidet i organisasjonen, nedgangskonjunkturar og liknande. Studentane skal vere i stand til både å samle inn og leggje til rette for det grunnlagsmaterialet som trengst for å ta ulike avgjersler i organisasjonen. Studiet skal også gjere studentane i stand til å utvikle organisasjonen gjennom systematisk strategiarbeid, for eksempel knytt til økonomistyring, organisering, marknadsføring og liknande. Som ein del av dette skal studentane også øvast opp til å ta strategiske avgjersler for organisasjonen i ulike situasjonar. Kva spesialisering studentane vel, vil påverke kor avansert datainnsamling og strategiarbeid studentane vil vere i stand til å utføre i dei ulike retningane ved fullført studium.

I studiet legg ein vekt på at studentane skal få jobbe med problemstillingar som er aktuelle og relevante for dagens organisasjonar. Studentane skal også lærast opp til å bruke dei kunnskapane, metodane og verktøya dei tilegnar seg på ein kritisk måte.

Kvalitetssikring

Studiet vert kvalitetssikra i samsvar med høgskulen sitt kvalitetssystem. Studiet byggjer på Nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning (NRØA) sin plan for bachelorutdanning i økonomisk-administrative fag og skal vere med på å sikre høg fagleg kvalitet på studiet.

Studieplanen blir regelmessig kritisk vurdert av fagtilsette som held seg oppdaterte på eigne fagfelt, og som har kontakt med miljø som driv med forsking og utviklingsarbeid med relevans for emna i studieplanen. Dette vert supplert med diskusjonar om studieplanen med utvalde personar frå offentleg forvaltning og privat næringsliv. Vi legg opp til å evaluere alle emna undervegs i studiet etter malen til høgskulen. Faglege og pedagogiske sider ved studiet vert drøfta i fagutval og studienemnd ved avdelinga og i studieutvalet i høgskulen.

Studieplanen inneheld nokre emne der sluttvurderinga kan bli endra før studiestart.

Målgruppe

Studiet passar spesielt godt for dei som er interesserte i økonomi og administrasjon og som ønskjer å fjordjupe seg i eitt av områda knytt til styring og drift av ein organisasjon.

Studiet passar godt for deg som ynskjer å jobbe med rådgjevings- eller spesialistoppgåver knytte til dei økonomiske, organisatoriske eller administrative delane av ein organisasjon.

Studiet passar også for deg som ønskjer å ha ei brei utdanning som du kan byggje vidare på ved for eksempel å ta ein master i eit bestemt fagområde, slik som marknadsføring, finans eller liknande.

Opptakskrav

Opptakskravet til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Det er likevel ein fordel å ha matematikk- kunnskapar tilsvarande Matematikk R1 eller Matematikk S1+S2(eventuelt 2MX, 2MY eller 3MZ). For dei som ikkje har slik kunnskap, arrangerer høgskulen forkurs i matematikk. Forkurset i matematikk tek til i oppstartveka. Alle som har svakare bakgrunn enn 2MS/2MN og 2MX/2MY, bør følgje dette kurset. Vi vil understreke at fleire obligatoriske emne i studiet set som vilkår at innhaldet i forkurset er kjent.

Innhald / oppbygging

Det tre-årige bachelorstudiet i økonomi og administrasjon har som mål å gje kandidatane eit yrkesretta studium som kan nyttast innanfor privat næringsliv, offentleg forvaltning og ideelle organisasjonar. Eit viktig mål med bachelorstudiet er også å skape eit godt og breitt grunnlag for seinare læring og framgang, både i vidare studiar og i arbeidslivet.

Studiet er sett saman av ei rekkje større og mindre emne. Kvart emne vert avslutta med eksamen og har studiepoeng etter arbeidsmengd.

Studiet byggjer på Nasjonalt råd for økonomisk- administrativ utdanning (NRØA) sin plan for bachelorutdanning i økonomisk- administrative fag. 100 studiepoeng er såleis obligatoriske emne. Ei bacheloroppgåve på 20 poeng i den siste delen av studiet er også obligatorisk, medan 60 poeng i den siste delen av studiet er valemne. Studentane kan velje 60 studiepoeng fritt innanfor ei rekkje valemne.

Den obligatoriske delen av studiet er samansett av bedriftsøkonomiske emne, samfunnsøkonomiske emne, administrasjonsfaglege emne og metodefag. Til saman gjev den obligatoriske delen av studiet ei brei og grunnleggjande innføring i det økonomisk-administrative fagområdet.

I siste del av studiet får studentane høve til å velje mellom ulike valfag som byggjer vidare på dei obligatoriske emna, anten innanfor organisasjons- og føretaksstrategi, bedriftsøkonomisk analyse eller samfunnsøkonomi.

Studiet er bygd opp slik:

  • 90 studiepoeng obligatoriske emne i 1. til 3. semester og 10 studiepoeng obligatoriske emne i det 5 semesteret.
  • I tillegg inngår det ei bacheloroppgåve på 20 studiepoeng som er obligatorisk i det 6. semesteret.
  • Valemne på 30 studiepoeng i 4. semester, 20 studiepoeng i 5. semester og 10 studiepoeng i det 6. semesteret.

Eit vanleg studieløp ser dermed slik ut:

1. semester

2. semester

3. semester

4.semester

5. semester

6. semester

Obligatoriske emne 90sp

Valemne 30sp

Valemne 20sp

Bacheloroppgåve 20sp

Obligatoriske emne 10sp

Valemne 10sp

Emne med færre enn 8 deltakarar kan bli avlyste. Det endelege tilbodet om valemne i haustsemesteret vert kunngjort seinast 15.06, og for vårsemesteret sin del, seinast 15.12.

Fristar for påmelding til valemne og bacheloroppgåva vert kunngjorde seinare.

Sidan tilbodet av valemne er stort, kan undervisning i ulike valemne kome til å gå parallelt.

Planen for obligatoriske og valfrie emne er framstilt nedanfor.

Digital kompetanse

I løpet av studietida skal studentane lære å meistre nokre av dei mest grunnleggjande verktøya, slik som tekstbehandling, rekneark og lysbilete. Studentane skal vere i stand til å strukturere og redigere store tekstdokument på ein effektiv måte. Dei skal vere i stand til å nytte rekneark til å gjere økonomiske analysar og statistiske utrekningar. Ved hjelp av lysbilete og bruk av multimedia skal studentane vere i stand til å gjennomføre presentasjonar. Studentane skal vere i stand til å lage sine eigne nettsider ved hjelp av ferdige program og kjenne til korleis ein kan lage gode e-handelsløysingar. I val-/fordjupingsemna skal studentane få opplæring i relevante verktøy som prosjektstyringsprogram og rekneskapsprogram. Studentane skal også i desse emna få innsikt i kva refleksjonar som ligg bak val av slike verktøy og korleis ein kan implementere bruken av desse.

Kjeldekompetanse

I løpet av studiet skal studentane lærast opp til å kunne gjennomføre sjølvstendige faglege oppgåver som tilfredsstiller dei krav som blir stilte til dagens forskarar. Studentane skal ha innsikt i vitskapsteori og dei forskingsmetodane som ein nyttar i dei samfunnsvitskaplege faga. Studentane skal vere i stand til å gjere sjølvstendige refleksjonar knytte til forskingsetiske problemstillingar. Første studieår skal studentane gjerast kjende med dei formelle og tekniske krava som vert stilte til mindre fagoppgåver. Studentane skal også bli kjende med høgskulen sine retningslinjer knytte til sitering og etikk. Andre studieåret skal studentane i tillegg få innsikt i metodar for litteratursøk og vere i stand til å vurdere kvaliteten på den informasjonen dei har funne. Tredje studieår får studentane innsikt i vitskapsteori og skal lære å bruke dei samfunnsfaglege forskingsmetodane på praktiske problem. Studentane skal få erfaring med å finne ny og relevant faglitteratur og lære å vurdere forskingsresultata kritisk. Fordjupingsemna skal reflektere faglærarane sin forskingsprofil. Undervisninga skal basere seg på dette forskingsarbeidet, og der det er mogleg, gi studentane høve til å delta i forskingsprosjekt. Studentane skal også vere i stand til å planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt gjennom bacheloroppgåva.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vekslar mellom førelesingar, gruppeøvingar og organiserte kollokviegrupper med rettleiar. Problembasert læring med vekt på oppgåver som er aktuelle og relevante for dagens organisasjonar står sentralt i studiet si undervisning og læringsform. I studiet legg ein vekt på å lære studentane opp til å jobbe sjølvstendig både med individuelt arbeid og gruppearbeid. Det er nødvendig med eit stort innslag av sjølvstudium på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. Studentane må rekne med å nytte 40 timar i veka til forelesingar, gruppearbeid og sjølvstudium. Høgskulen si læringsplattform, Fronter, vert nytta som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet. Studentane kan nytte datalabbane i høgskulen sine lokale for å få tilgang til dei digitale verktøya dei treng på studiet; dei får også tildelt ein e-postkonto ved høgskulen. Fellesinformasjon vert lagt ut på Fronter, eventuelt sendt til e-postkontoen dei har fått av høgskulen.

Forskingsbasert undervisning

Alle emne i studiet skal basere seg på den nyaste litteraturen og forskinga som finst på dei ulike fagområda. I studiet vert det lagt vekt på at studentane skal øvast opp til å stille spørsmål, reflektere og øve opp evna til kritisk tenking. Dette gjer ein ved å leggje vekt på at studentane skal vere aktive på førelesingane, delta i gruppearbeid og ved å ha studentpresentasjonar der studentar enkeltvis eller i grupper legg fram resultat frå arbeid med ulike oppgåver eller problemstillingar. I enkelte av valemna det tredje studieåret vil studentane få prøve seg som forskarar saman med forelesaren. Delar av desse prosjekta vil vere knytte til faglæraren si eiga forsking.

Læringsutbyte

Studentane skal:

  • Ha grunnleggjande ferdigheiter i bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi, marknadsstrategi og metode
  • Kunne vurdere utsiktene for og avgrensingane i ei bedrift sin situasjon på lang og kort sikt på bakgrunn av kunnskapen dei har i rekneskap, økonomisk analyse, organisasjon og leiingsfag, marknadsføringsemne og metodefag
  • Ha ferdigheiter og kunnskapar til å vurdere bedriftsøkonomiske og samfunnsøkonomiske konsekvensar som visse avgjerder og handlingar har
  • Ha spesialkompetanse innanfor si valretning 
  • Ha utvikla den digitale kompetansen sin
  • Vere i stand til å ivareta spesialist- og rådgivingsoppgåver innanfor private og offentlege organisasjonar
  • Vere i stand til å gjennomføre eit eige forskingsprosjekt tilsvarande ei bacheloroppgåve
  • Vere i stand til å studere vidare på masternivå
Studieopphald i utlandet

Studentane har tilbod om å ta eit semester i utlandet våren i andre klasse (4 semester). Avdeling for økonomi og språk har avtale med følgjande universitet og høgskular:

  • Augsburg College og Pacific Lutheran University, USA
  • Beijing Normal University, Kina
  • Central University of Finance and Economics, Kina
  • La Rochelle Business School, Frankrike
  • Ingolstadt University of Applied Sciences, Tyskland
  • University of the Sunshine Coast, Queensland,Australia
  • Université de Paris X - Nanterre (Paris X)
  • University of Applied Sciences Northwestern Switzerland
  • Olten, SveitsUniversity of Economics Prague, Tsjekkia
  • Trent University, Petersborough, Canada

Ved universiteta og høgskulane ovanfor er det mogeleg å få tilbod om utvekslingsopphald som ein del av studiet, eller å søkje om opptak på eit masterstudium etter avslutta bachelorstudium ved HSF. Ta kontakt med høgskulen for nærare informasjon.

Arbeidskrav

Går fram av emneomtalane.

Sluttvurdering

Går fram av emneomtalane.

Pensum

Går fram av emneomtalane.

Godkjent av
Høgskulestyret

Godkjent dato
02.05.2002

Sist revidert av
Studieutvalet

Sist revidert dato
21.05.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216369


Code Course title Credits O/V *) Credits pr. semester
  S1(A) S2(S) S3(A) S4(S) S5(A) S6(S)
Total: 0 0 0 0 0 0
*) O - Mandatory course, V - Optional course
Obligatoriske emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
MA6-100 Matematikk 10,00 O 10          
OR6-101 Organisasjonskunnskap 10,00 O 10          
BØ6-101 Innføring i rekneskap og
bedriftsøkonomi
10,00 O 10          
BØ6-102 Finansrekneskap med analyse 10,00 O   10        
OR6-102 Marknadsføring 10,00 O   10        
SØ6-101 Samfunnsøkonomi (makro) 10,00 O   10        
BØ6-200 Driftsrekneskap, budsjettering,
investering og finansiering
10,00 O     10      
OR6-202 Føretaksstrategi 10,00 O     10      
SØ6-200 Samfunnsøkonomi (mikro) 10,00 O     10      
ME6-200 Samfunnsvitskapleg metode og statistikk 10,00 O         10  
KA692 Bacheloroppgåve i økonomi og
administrasjon
20,00 O           20
Sum: 30 30 30 0 10 20
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Valemne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
OR625 Innføring i praktisk
organisasjonsarbeid
10,00 O       10    
OR6-212 Personalleiing 10,00 V       10    
JU6-101 Forretningsjus 10,00 V       10    
JU6-202 Skatte- og avgiftsrett 10,00 V       10    
OR6-210 Kreativitet og idéutvikling 10,00 V         10  
SØ6-304 Internasjonal økonomi 10,00 V         10  
OR6-211 Næringsutvikling og omstillingsarbeid 10,00 V         10  
BØ6-300 Logistics 10,00 V         10  
BØ6-301 Økonomistyring i offentleg sektor 10,00 V         10  
SØ6-303 Berekraftig regionaløkonomisk utvikling
10,00 V         10  
OR6-301 Prosjektleiing 10,00 V         10  
OR6-302 Endringsleiing 10,00 V           10
BØ6-302 Anvendt finans 10,00 V           10
BØ6-303 Rekneskap og skatt 10,00 V           10
RE6-202 Marknadsanalyse og merkevarestrategi 10,00 V           10
Sum: 0 0 0 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Obligatoriske tilleggsemne for rekneskapsførarar
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
JU6-101 Forretningsjus 10,00 V       10    
JU6-202 Skatte- og avgiftsrett 10,00 V       10    
BØ6-301 Økonomistyring i offentleg sektor 10,00 V         10  
BØ6-303 Rekneskap og skatt 10,00 V           10
Sum: 0 0 0 20 10 10
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne