Reiseliv, årsstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Reiseliv, årsstudium

Engelsk namn
Tourism, one-year progamme

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
60

Organisering
Studiet er organisert som eit heiltidsstudium over eit år (2 semester). Det er høve til å ta einskildemne.

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Innleiing

Studiet tek føre seg grunnleggjande emne innan for fagområda reiseliv, økonomi, marknadsføring og orgaisasjonskunnskap. Emna gir ein generell økonomisk/administrativ, reiselivsrelatert teorikunnskap som kan nyttast i arbeidslivet, som påbygging av andre studium, eller som grunnlag for vidare studier.

Reiselivsstudiet er nært knytt til næringa, offentleg sektor og forsking (nasjonalt og internasjonalt) i form av gjesteforelesingar, ekskursjonar, bedriftsbesøk, bruk av praktiske eksempel (case) og forskingsbasert undervisning. Høgskulen har eit nært samarbeid med reiselivsnæringa og offentleg sektor som t.d. Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I tillegg samarbeider høgskulen og Vestlandsforsking om nasjonal og internasjonal reiselivsforsking i Forskingssenteret for berekraftig reiseliv.

Studiet tilsvarer fyrste året bachelorutdanning i reiselivsledelse, og gjev grunnlag for opptak vidare inn på bachelorutdanninga.

Målgruppe

Studiet vil høve for studentar med generell studiekompetanse eller realkompetanse som ønskjer ei grunnleggande innføring i reiseliv, økonomi, marknadsføring og organisasjonskunnskap. Det kan også være relevant for bachelorkanditatar eller andre med utdanning frå høgskule eller universitet som ønskjer eit økonomisk/administrativt påbyggingsstudium innan turisme og reiseliv.

Årsstudiet vil også høva særs godt for dei som i utgangspunktet ikkje ynskjer ein grad, men som i yrkessamanheng treng grunnleggjande kunnskap innan reiseliv og økonomisk/administrative fag.

Opptakskrav

Opptakskravet til Årsstudium i reiseliv er generell studiekompetanse/ realkompetanse.

Innhald / oppbygging

I studiet ser ein nærare på strukturane i reiselivsnæringa, utvikling av kulturbasert turisme, teori og verktøy for økonomistyring og leiing i reiselivsføretak, i tillegg til innføringsemne i rekneskap og bedriftsøkonomi, marknadsføring og organisasjonskunnskap.

Studiet tek utgangspunkt i særdraga ved reiselivsnæringa med tilhøyrande bransjetilpassing av kunnskap, teoriar og metodar i studiet. I studiet vert det lagt vekt på å tilpasse fag til bransjespesifikke tilhøve, slik at studentane får høve til å utvikle eigne evner til å bruke fagkompetansen knytt til konkrete bransjespesifikke spørsmål.

Studiet inneheld bedriftsbesøk, gjesteforelesingar får næringa og bruk av relavante case og døme frå næringa, i tillegg til ekskursjonar til bedrifter og reisemål i regionen som f.eks. Nærøyfjorden, Flåmsbana og Jostadalsbreen.

Undervisnings- og læringsformer

I undervisninga vil det verta nytta forelesingar, gruppearbeid og løysing av oppgåver individuelt og i grupper. Vidare vil ekskursjonar, bedriftsbesøk, gjesteforelesarar frå reiselivsnæringa og kontakt med reiselivsaktørar vera ein del av studiet.

Læringsutbyte

Etter fullført studium skal studenten ha tileigna seg grunnleggjande teoretiske kunskap om reiselivet og utvalde økonomisk/administrative emne.

Studentane skal ha grunnleggjande teoretisk forståelse og kunnskap om:

  • den nærings- og samfunnsmessige strukturen i reiselivet
  • utvikling og drift av kulturbaserte opplevingar og attraksjonar
  • økonomiske verktøy og metodar knytt til rekneskapsføring, økonomistyring, budsjettering og økonomiske analysar
  • begrep, metoder og verktøy innan marknadsføring
  • organisasjonsteori og organisering
Arbeidskrav

Det er lagt opp til innlevering av obligatoriske gruppeoppgåver og arbeidskrav i fleire av emna. Sjå omtale av dei einskilde emna.

Ekskursjonar:

Studiet omfattar nokre ekskursjonar og bedriftsbesøk med anbefalt deltaking. Turane går til sentrale norske reisemål for studiar av ulike reiselivsprodukt, tema og reisemål. I samband med ekskursjonar/ feltundervisning må studentar ved HSF vere budde på å betale ein eigendel for reise og opphald. Sjå HSF sitt felles reglement for dekking av bu- og reiseutgifter til studentane: http://www.hisf.no/studadm/reglement/bureiseutgifter

Sluttvurdering

Eksamensordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Pensum

Sjå omtale av dei einskilde emna.

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
18.05.09

Sist revidert av
Ståle Brandshaug

Sist revidert dato
01.04.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216754

Årsstudium turisme og reiseliv
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
RE6-106 Reiselivskunnskap 10,00 O 10  
BØ6-101 Innføring i rekneskap og
bedriftsøkonomi
10,00 O 10  
OR6-101 Organisasjonskunnskap 10,00 O 10  
RE6-312 Kulturbasert turisme 10,00 O   10
RE6-201 Økonomistyring og leiing i
reiselivsføretak
10,00 O   10
OR6-102 Marknadsføring 10,00 O   10
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne